Søviknes vil kasta styret i Ferde

Ferde har øydelagd tilliten i befolkninga, meiner Frp-nestleiaren.

Terje Søviknes

KRITISK: Terje Søviknes vil kasta styret i Ferde etter NRK-avsløringar

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

– Fylkesutvalet i Vestland har møte i dag, tysdag. Der vil Frp føreslå at vi set opp val av styre i Ferde AS på ei ekstraordinær generalforsamling like over nyttår, seier Terje Søviknes, gruppeleiar i Vestland Frp og nestleiar i partiet.

Han meiner han har sett nok, etter at NRK har publisert fleire saker om korleis tilsette i Ferde har hatt biarbeid for andre selskap, og korleis dei har handla med desse selskapa på vegner av Ferde.

– Handlar om tillit

– Dette handlar om tilliten til at bilistane sine bompengar går til dei formåla dei er tiltenkt. I ein situasjon der tiliten til Ferde er sett i spel, er det styret i Ferde AS vi eigarar kjenner, og som vi kan ta affære overfor, seier Søviknes til NRK.

Det er ikkje sikkert Frp får fleirtal for forslaget no. Medan Arbeidarpartiet har sagt dei vil avventa resultatet av Kluge-rapporten om Ferde-saka, har Høgres Tom Georg Indrevik sagt at styret bør trekkja seg.

Tre må bli samde

Søviknes håpar uansett på fleirtal for å velja nytt styre i Ferde.

– Det er opp til fylkesutvalet å ta stilling til saka, men samstundes er det tre fylkeskommunar som alle er eigarar, og som må vere samde, seier Søviknes.

Situasjonen i Ferde har vore diskutert i fleire politiske møte, til dels bak lukka dører.

– Vi som lokalpolitikarar har eit stort ansvar for at befolkninga har tillit til at pengane går til formåla dei var tiltenkt, seier han.