Søviknes vil bli fylkesordførar i Vestland

Ei veke etter at Frp-politikaren gjekk av som statsråd, bekreftar han til NRK at målet er å ta makta i heimfylket.

Terje Søviknes ved fylkeskommunen i Hordaland

NYE PLANAR: Terje Søviknes (Frp) vil bli fylkesordførar i Vestland fylkeskommune. Her framfor fylkesbygget i Bergen.

Foto: Elise Angell / NRK

Førre fredag gjekk Frp-politikar Terje Søviknes (Frp) formelt av som olje- og energiminister.

Han var tydeleg på at han ville ha meir tid saman med familien.

– Nokre ting er viktigare enn andre her i livet. Eg treng meir tid med familien og mine to barn. Dei er veldig glade for at pappa kjem heim. Det gjev meg moglegheit til å ta over ordførarstolen og gjere meg klar til kommuneval, sa Søviknes då.

Men til NRK i dag seier Søviknes at han har mål om å få styra eitt hakk opp. No melder han seg som kandidat til å bli fylkesordførar for nye Vestland fylkeskommune.

– Eg har vore med i fylkespolitikken tidlegare, og i dag kjem eg til å gje beskjed til nominasjonskomiteen i Vestland Frp at eg er villig til stå som førstekandidat ved valet neste år.

Vil prioritere ordførarjobben

Søviknes går formelt tilbake til ordførarjobben i Os 17. september. Det er også den han vil prioritere om eit dilemma skulle oppstå.

– Det går fint an å vere både fylkespolitikar og kommunepolitikar. Men skulle Frp gjere eit så godt val at vi både får ordførar og fylkesordførar, er eg klar på at ordførarjobben er den absolutt viktigaste.

Likevel håpar han å kunne bli aktiv i fylkespolitikken.

– Eg synest det er spennande å kunne vere med å forme eit nytt fylke, seier Søviknes.

Vil bli vurdert

Søviknes har vore førstekandidat ved dei siste fylkestingsvala i Hordaland.

– I dag har vi raudgrøne styre både i Hordaland og Sogn og Fjordane. No er det på tide å få dei borgarlege inn. Eg ser fram til å slåst om posisjonane, seier han.

Roald Steinseide er leiar for nominasjonskomiteen for Frp i Hordaland. Han seier dei vil vurdere Søviknes som førstekandidat.

– Han er ein svært dyktig politikar, i likskap med mange andre politikarar som Framstegspartiet har. Dersom han ynskjer å vere med vidare, vil han sjølvsagt bli vurdert på same måte som alle andre, seier Steinseide.