Hopp til innhold

Søviknes skal representera 25.000 innbyggjarar heilt åleine

Det bur 30 gonger fleire menneske i Bjørnafjorden enn i Solund. Begge har éin representant kvar i Vestland fylkesting. Halvparten av kommunane i det nye storfylket har ingen.

Terje Søviknes

STOR, MEN ÅLEINE: Terje Søviknes (Frp) er einaste fylkestingsrepresentant frå den nye storkommunen Bjørnafjorden. Han har også mista ordførarjobben når Os og Fusa slår seg saman.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Er éin fylkestingsrepresentant mykje eller lite?

Det kjem an på.

Dei nesten 25.000 som bur i den nye storkommunen Bjørnafjorden sør for Bergen har fått éin representant i Vestland fylkesting. Terje Søviknes (Frp) har dermed mange innbyggjarar å forvalta interessene til.

Med berre 816 innbyggjarar har også Solund fått inn éin representant. Dermed har den vesle øykommunen ved utløpet av Sognefjorden like mykje makt i det nye storfylket som storebroren i sør.

sfgdf

– Små utkantar treng ei stemme

Solund-ordførar og fylkestingsrepresentant Gunn Åmdal Mongstad (Sp) meiner naturleg nok det er viktig at kommunen hennar er representert «på fylket».

– Det er viktig å spegla eit stort fylke med mange ulike lokalsamfunn.

– Kva kan sulingane få att for at du er på fylkestinget?

– Eg er oppteken av saker som er viktige for kystbefolkninga. Særleg infrastruktur og samferdsle, og til dømes at vidaregåande-elevar på hybel eller med lang reiseveg skal ha eit godt tilbod, seier Mongstad.

Gunn Åmdal Mongstad (Sp), ordførar i Solund og representant i Vestland fylkesting.

LITEN, MEN MEKTIG: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp) i Solund gir dei få innbyggjarane ei viktig stemme i Vestland fylkesting.

Foto: Ragne Borge Lysaker

Bergen er flest, men ikkje best

1. januar blir Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til Vestland fylke. Kvar enkelt kommune sin sjanse til å påverka politikken i det nye storfylket varierer kraftig. Dei tre kommunane med flest fylkestingsrepresentantar ligg i noverande Hordaland fylke.

Askøy har fire fylkestingsrepresentantar, Alver har sju. Begge har nesten 30.000 innbyggjarar.

I ei særstilling på topp er Bergen, med heile 19 representantar på fylkestinget. Men i høve til folketalet – over 280.000 innbyggjarar – er det likevel 19 andre kommunar som er betre representert per innbyggjar.

Geografisk fordeling av representantane i Vestland fylkesting

Antal

Kommune

19

Bergen

7

Alver

4

Askøy

3

Nye Øygarden, Sunnfjord, Stord, Kinn, Nye Ullensvang, Fjaler

2

Nye Sogndal, Stad, Osterøy, Årdal

1

Bjørnafjorden, Nye Voss, Kvam, Stryn, Etne, Samnanger, Gulen, Aurland, Solund

65

Vestland fylkesting totalt

Likt for stor- og småkommune

Tar ein omsyn til kor mange som bur i kommunen, er Solund og Fjaler dei desiderte vinnarane i Vestland fylkesting i representasjon per innbyggjar.

Øygarden er den nest største kommunen i Vestland. Den har over 38.000 innbyggjarar, men berre tre fylkestingsrepresentantar. Voss med 15.608 har berre éin på fylkestinget, akkurat som Bjørnafjorden.

Utvær i Solund

LANGT MELLOM FOLK: Det er berre 816 innbyggjarar i Solund kommune. På Utvær fyr er det ekstra langt til naboen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Eg kjenner meg ikkje einsam og åleine, seier Terje Søviknes.

– I fylkestinget har me alle ansvar for å tenka heile Vestland og ikkje vår eigen kommune.

– Du har mange i ryggen, men dei har dårleg representasjon, medan det er motsett i Solund?

– At Solund og Bjørnafjorden har like mange – eller like få – fylkestingsrepresentantar, er ganske irrelevant. Det viktigaste er å ha partiet, eller samarbeidspartia, i ryggen.

Han meiner geografien betyr mindre.

– Men lokalkunnskap er viktig. Det er ein styrke at fylkestinget har stemmer frå mange lokalsamfunn i alle delar av fylket.

Kommunanes representasjon i Vestland fylkesting

Kommune

Folketal

Representantar

Innb. pr. repr.

Solund

816

1

816

Fjaler

2778

3

926

Aurland

1771

1

1771

Gulen

2303

1

2303

Samnanger

2489

1

2489

Årdal

5227

2

2614

Ullensvang (nye)

11150

3

3717

Osterøy

8114

2

4057

Etne

4089

1

4089

Alver

29192

7

4170

Stad

9446

2

4723

Kinn

17271

3

5757

Sogndal (nye)

11821

2

5911

Stord

18783

3

6261

Stryn

7149

1

7149

Sunnfjord

22019

3

7340

Askøy

29535

4

7384

Kvam

8425

1

8425

Øygarden (nye)

38198

3

12733

Bergen

281978

19

14841

Voss (nye)

15608

1

15608

Bjørnafjorden

24779

1

24779

Ekspander/minimer faktaboks

Annankvar kommune har null: – Hadde trengt ein bømling

25 av kommunane i Vestland ligg i dagens Hordaland, 18 i Sogn og Fjordane. Samla sett har 22 av kommunane folk i Vestland fylkesting.

21 kommunar har ingen representantar.

Vestland fylkesting i Håkonshallen etter det konstituerande møtet 15. oktober 2019

NYTT FYLKE: Dei nye fylkestingsrepresentantane i Vestland feira nyleg i Håkonshallen i Bergen.

Foto: Vestland fylkeskommune

At småkommunar som Modalen, Fedje og Eidfjord ikkje er representert på fylkestinget, kan dei kanskje leva med. Alle har under tusen innbyggjarar.

For store kommunar som Kvinnherad og Bømlo, med 12-13.000 innbyggjarar, er det verre å svelgja at dei ikkje har fylkestingsrepresentant.

– Me hadde hatt nytte av ein bømling på fylkestinget, uansett frå kva parti, seier Bømlo-ordførar Sammy Olsen (Sp).

I Hordaland fylkesting 2015-2019 hadde kommunen ein frå Høgre og ein frå Venstre.

– No har me ingen, samstundes som me har fått eit langt fylke der Bømlo og Kvinnherad er i ytterkanten i sør.

Kommunar utan representant i Vestland fylkesting

Kommune

Folketal

Modalen

382

Fedje

549

Eidfjord

907

Ulvik

1081

Hyllestad

1345

Masfjorden

1703

Lærdal

2164

Vik

2640

Tysnes

2848

Austrheim

2861

Askvoll

3034

Fitjar

3196

Bremanger

3684

Vaksdal

4034

Høyanger

4174

Luster

5194

Austevoll

5221

Sveio

5757

Gloppen

5856

Bømlo

11983

Kvinnherad

13105

Ekspander/minimer faktaboks

Lobbying

Olsen finn trøyst i at han kjem frå same parti som fylkesordførar Jon Askeland.

– Eg var i Bergen i går, og har allereie hatt to-tre samtalar med han om ting me brenn for her i vårt distrikt.

– Så lobbyverksemd blir viktigare?

– Ja, eg hukar tak i fylkestingspolitikarar så sant eg kan, for å få synspunkta våre fram.

Os sentrum sør for Bergen i Hordaland

BERRE TERJE: Rundt 25.000 menneske bur i Os kommune, men akkurat som vesle Solund har dei berre éin representant i Vestland fylkesting.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Før kom alle kommunar inn

Mellom 1975 og 1999 avvikla Noreg ordningar som gav alle kommunar representasjon i fylkestinget.

– På ei side er det greitt, fordi direkteval til fylkestinget skal sikra at politikarane tenker på heile fylket. På den andre sida kan det i praktisk politikk vera viktig å ha ei stemme inn, seier førsteamanuensis Yngve Flo ved Universitetet i Bergen.

Han viser til at fylkespolitikk ofte handlar om geografi, som tenestetilbod eller traséval.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

FORSKAR: Yngve Flo ved UiB og Norce.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Regionale forskjellar

Hordaland har 46 representantar, Sogn og Fjordane har 19. Hordaland har 11.434 innbyggjarar pr. fylkestingsrepresentant. Sogn og Fjordane har 5716, altså dobbelt så god representasjon.

Regionane internt i Vestland kjem også ulikt ut i fylkestingsrepresentasjon. Sunnfjord og Sogn kjem best ut i høve til folketalet, med høvesvis 4450 og 5150 innbyggjarar pr. representant. Sunnhordland og Bergen kjem tre gonger dårlegare ut, med høvesvis 15.000 og 14.480.

På den andre sida dominerer Bergen og nabokommunane fylkestinget, med til saman 37 av dei 65 representantane. Sogn og Sunnfjord har totalt 16, Sunnhordland fire, Hardanger/Voss fem, og Nordfjord tre.

– Eg har tenkt mykje på Sunnhordland oppi dette. Dei og Hardanger kan fort hamna litt i skuggen av spenninga som ligg mellom Sogn og Fjordane som distrikt og Bergen som by, meiner Terje Søviknes.