NRK Meny
Normal

Startar verdsturnè med intimkonsert i vestlandsbygd

Sondre Lerche legg ut på verdsturnè. Men før USA står for tur, får Noregs einaste baroni gleda av å sparke i gong turneen.

Sondre Lerche er i studio

STARTAR PÅ BARONIET: Bergensartisten Sondre Lerche legg ut på verdsturnè, og skal blant anna spela ei rekkje stader i USA i løpet av sommaren og utover hausten. Men aller først er det publikum i Rosendal som får høyra kva artisten har å by på si siste plate.

Foto: Maria Kristina Vevang

I september kjem Sondre Lerche sitt nye album "Please", og det er i samband med platesleppet at bergensartisten legg ut på verdsomspennande turné.

Først ut på lista over spelestader er rett nok ikkje langt frå heimbyen Bergen. 10. juli spelar Lerche på Baroniet i Rosendal.

Satsar på USA

Sondre Lerche

UT PÅ TUR, ALDRI SUR: Sondre Lerche legg ut ny verdsturnè, der blant anna ei rekkje spelejobbar i USA står på plakaten. Derfrå skal han vidare til blant anna Tyskland og Storbritannia.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

I løpet av sommarens- og haustens turné står ei rekkje amerikanske byar for tur. Etter at Lerche flytta til New York for snart ti år sidan, har han etter kvart fått eit amerikansk publikum.

Ikkje minst fekk fleire augo opp for artisten etter at han i 2007 laga soundtracket "Dan in real life" til filmen med same namn.

Avsluttar heime i Noreg

Etter at konserten i Rosendal er unnagjort, står Fredrikstad for tur før Lerche kryssar Atlanteren. I USA skal han spela 20 konsertar, først på Bowery Ballroom i New York.

Ifølgje Lerche, som er busett i New York, er nettopp Bowery Ballroom ein av hans faovrittstader både som artist og publikum.

Sjekk alle turnèdatoane under:

10.07: Baroniet i Rosendal, Noreg
11.07: Tallship Race, Fredrikstad, Noreg
23.09: Bowery Ballroom, New York, USA
25.09: Underground Arts, Philadelphia, USA
26.09: U Street Music Hall, Washington, USA
27.09: The Sinclair, Cambridge, USA
30.09: LiveHouse of Blues, Cleveland, USA
01.10: Newport Music Hall, Colombus, USA
03.10: Backstage Bar, Las Vegas, USA
04.10: Musical instrument Museum, Phoenix, USA
05.10: 5th Avenue Side Stage, San Diego, USA
08.10: Trobadour, Los Angeles, USA
09.10: The Independent, San Fransisco, USA
11.10: Doug Fir, Portland, USA
12.10: Nectar Lounge, Seattle, USA
15.10: Bluebird Theater, Denver, USA
16.10: Vega, Lincoln, USA
17.10: Turf Club, St. Paul, USA
18.10: Lincoln Hall, Chicago, USA
19.10: Magic Stick, Detroit, USA
20.10: Altar Bar, Pittsburgh, USA
27.10: Paris, Divan du Monde, Frankrike
29.10: London, Oslo, Storbritannia
30.10: Leeds, Brudenell Games Room, Storbritannia
01.11: Brighton, Bleach, Storbritannia
02.11: Brussels, Botanique, Belgia
02.11: Berlin, Kantine am Berghain, Tyskland
04.11: Køln, MTC, Tyskland
05.11: Amsterdam, Paradiso, Nederland
06.11: Hamburg, Prinzenbar, Tyskland
08.11: USF, Bergen, Noreg
11.11: Vega, København, Danmark
15.11: Parkteateret, Oslo, Noreg

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit