Hopp til innhold

Sommarskule er suksess

Nærare 100 elevar i Hordaland valde i år å gå to veker ekstra på vidaregåande skule. Mange av dei klarte eksamen eller betra karakterane.

Sommerskole Oslo front
Foto: Siv Sandvik

Over heile landet har tenåringar via delar av ferien til intensivt skulearbeid, og dette har gitt resultat.

Frå stryk til stå

I Hordaland har dei hatt sommarskule i fem år. Kursa er både for yrkesretta og studieretta utdanning.

-Me har både skuleflinke elevar som vil førebu seg på
komande studium og elevar som tek opp fag for å stå på eksamen, seier spesialrådgjevar Petter Borthen i Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Av årets 96 deltakarar på sommarskulen gjekk 37 opp til eksamen i
matte eller engelsk. 28 av dei stod.

Populært tilbod

Sidan 2007 har talet på elevar på sommarskulen firedobla seg.

- Det har berre gått ein veg sidan me starta opp dette tilbodet for fem år sidan. Interessa er enorm. Viss me hadde hatt kapasitet til det kunne me sikkert teke inn dobbelt så mange, seier Borthen.

- Viktig tiltak mot fråfall

Borthen meiner det samfunnsøkonomisk lønner seg med sommarskule.

- Hovudmålet er å få fleire til å fullføre vidaregåande skule, og me
ser at tilbodet førebyggjer fråfall. I tillegg er det viktig å betre meistringskjensla til elevane. Fleire av elevane våre seier dei lærer meir på to veker her enn dei gjer på eitt år på vidaregåande.

- Burde vere obligatorisk

13 fylker i Noreg tilbyr i dag sommarskule med ulike kurs for elevar frå vidaregåande skule.

Borthen meiner det burde vere obligatorisk i alle fylker å tilby sommarskule, men med rom for regionale tilpassingar av kurstilbodet.