Hopp til innhold

Sommarleg fruktsuppe

Kald jordbær og rabarbrasuppe.

Fruktsuppe
Foto: NRK

Dei norske jordbæra er på plass på torg og i butikkar og dei fleste kan enkelt skaffa seg nokre rabarbrastilkar. Det er i grunnen det du treng for å laga denne velsmakande og næringsrike suppa, ja og så litt sukker då.

Slik gjer du:

Kutt opp 3 store rabarbrastilkar i terningar. Kutt opp 1 stor korg jordbær i så små bitar som råd. Jordbær løyser seg nemleg ikkje så enkelt opp som rabarbra under koking.

Gje det hele eit oppkok i 1 liter vatn til du ser at fibrane i rabarbraen er borte.

Tilsett omlag 200 gram sukker, men husk enkelte jordbærtypar er søtare enn andre og enkelte rabarbratypar er surare så det viktigaste er å smaka til sjølv.

Kjøl ned suppa og du har ei herleg drikke.