Det var Ruth Grung (A) som onsdag kravde svar frå Solvik-Olsen i Stortinget sin spørjetime. Grung ville ha svar på to spørsmål: Kvifor statsråden legg skulda (for kostnadsauken) på lokalpolitikerne når det er hans eige Statens vegvesen som planlegg? I tillegg spurte Grung om det kom til å bli byggjestart i 2017?
Solvik-Olsen nekta for at han har skulda lokalpolitikarar i Fjell, Bergen og i Hordaland fylkeskommune for kostnadsauken på 2,5 milliardar kroner.
– For at vi skal få bygd sambandet til lågast mogleg pris er det viktig at politikarane saman med vegvesenet prøver å finne løysingar slik at prosjektet kan realiserast billegare. Det handlar om å bruke pengane våre på ein mest mogleg effektiv måte, svara samferdsleministeren ifrå talarstolen.
Går for byggjestart neste år
I førre veke kunne NRK avsløra at det nye Sotrasambandet sto i fare om ikkje staten spyttar inn langt meir pengar i prosjektet enn dei har lova. Nye utrekningar viste at det mangla 2,5 milliardar kroner, noko Solvik-Olsen ikkje kunne lova i ekstraskot.
Men trass i auka kostnader vil ikkje ministeren utsetje prosjektet. Han trur lokalpolitikarar og vegvesen finn løysingane som gjer at prosjektet kjem på plass.
– Ja, vi legg opp til å gjennomføre prosjektet så fort som ein tidlegare har lagt til grunn i Nasjonal transportplan (NTP). Vi har framdriftsplanen framleis som målsetting, svara han på Grung sitt spørsmål om byggjestart neste år.
Målet har lenge vore at nyebrua skal stå klar i 2021.
– Viktigare kva tid det er ferdig
Solvik-Olsen poengterte at det i statsbudsjettet er sett av nærare 3 milliardar til planlegging av vegprosjekt i Norge, og at det er langt meir enn den førre regjeringa sette av.
LES OGSÅ: Nytt Sotrasamband fremskyndes
– Dette viser ein vilje til å framskunde og til å få gjennomført ting på eit heilt anna nivå enn tidlegare. Og for meg er det ikkje nødvendigvis viktigast når ein set spaden i jorda, men kva tid ein kan opna for trafikk, svara han Ap-representanten, før han la til:
– Dersom målet var å skryta av at ein har sett spaden i jorda, så held ein jo framleis på å byggja E18 i Østfold etter 15–20 år. Eg syns ikkje det er noko å vera stolt over. Dersom ein bruker litt meir tid på planlegging, og då kan gjennomføre raskare, er det eit suksesskriterium. Men eg legg ikkje til grunn at Sotrasambandet er forsinka, sa han.