Hopp til innhold

Solrik mars gav draumepåske over store delar av landet

Årets mars månad har vore av det solrike slaget. Det nydelege vêret har sendt svært mange til fjells i påsken.

Drømmepåske i Eikedalen skisenter i 2018

SOL, SOL OG SOL: Svært mange nordmenn har boltra seg i fjellheisar landet over denne påska. Her frå Eikedalen skisenter som har hatt ein rekordgod påske i år.

Foto: Jan Petter Svendal / Eikedalen skisenter

Både i Oslo, Bergen og Trondheim titta sola fram langt meir enn normalt i år.

Statistikk NRK har fått frå Vervarslinga på Vestlandet syner at årets mars månad somme stader er den mest solrike på fleire år.

Soltimar i norske byar i mars månad

2018

2017

2016

Normal

Oslo

167,5

148,5

112,4

126

Bergen

166,3

71,3

137,4

ingen normal

Trondheim

169,1

136,5

107,9

ingen normal

Tromsø

149

86,3

111,6

112

Både i Oslo og Trondheim har årets mars vore enno betre enn 2017, som også var av det solrike slaget.

Dei mange soltimane kulminerte i ei veke mange lett vil kalla ein draumepåske.

– Soltimeregistrering er relativt nytt, så det er vanskeleg å samanlikne tidlegare påsker. Men for Vestlandet og Bergen sin del er nok denne påska den beste på årevis, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet.

DEN STORE BADSTUDAGEN.

PÅSKEBAD: Solrik mars og påske lokka fleire i Oslo ut i sjøen på den store badstudagen påskeaftan.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Solrik påske

Årets mars vart også ein månad med uvanleg låge temperaturar landet over. Men sol har det altså likevel vore rikeleg med.

Så også i påska. I perioden 23. mars og til og med 1. april har meteorologane registrert følgande soltimar i utvalde norske byar:

  • Bergen: 75,7 timar med sol
  • Oslo: 85,6 timar med sol
  • Trondheim: 85,2 timar med sol

– I dag er det ein del sol i Oslo, Trondheim og Tromsø. Så desse byane vil anten stikke meir ifrå eller knipe inn på Bergen 2. påskedag, seier Fagerlid.

Skituristar på Hardangervidda 2018
Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Rekordbesøk på turisthytter og alpinanlegg

Det gode vêret har lokka svært mange til fjells. I alpinanlegga jublar dei for ein eventyrleg påske.

– Vi kjem til å passere over 22.000 dagsbesøk gjennom påskeveka. Med samanhengande godt vêr i ei heil veke har vi ikkje sett makan, seier direktør Harald Haaland i Myrkdalen Fjellandsby på Voss.

Han legg til at dei er langt frå aleine om rekordgode besøkstal i år og meiner totalen for skianlegg i Noreg må vera ekstremt god i år.

I Eikedalen skisenter i Hordaland melder dei om den beste påsken sidan dei starta opp i 1982.

Trass heftig omgangssjuke som herja på Hardangervidda, har skiglade påsketuristar flokka til turisthyttene til Den Norske Turistforening.

Nesten 14.000 skituristar overnatta på ei turisthytte i løpet av påskeveka. Det er ein oppgang på fem prosent frå året før.

– Det er lenge sidan vi har hatt så flotte forhold på påskefjellet som i år. Med desse besøkstala kan vi slå fast at påske i høgfjellet er ein tradisjon som lever i beste velgåande, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT.