Hopp til innhold

– Det er nok eg som har størst press på meg

Måndag startar EM i Berlin. 22 år gamle Lavrans Solli må ta på seg oppgåva som veteran og rollemodell.

Måndag startar EM i Berlin.

– Det er ingen tvil om at Solli er den som har mest erfaring. Den er nok han me har høgast forventningar til, seier landslagssjef Petter Løberg.

Ein ny generasjon symjarar må no bygga det nya landslaget, etter at dei etablerte utøvarane e vekke.

– Det er vel eg som har det største presset på meg no under EM, seier Solli sjølv.

Slo 23 år gamal rekord

Solli er best i Noreg og har både ein kongepokal og ein nordisk rekord. Det er han Noreg set si lit til i EM.

Under NM i Drammen i juli, svømte 22-åringen inn på 2.01,77, ein ny norsk rekord på 200 meter rygg. Han slo dermed den gamle rekorden som hadde stått sidan 1991.

Kortare distanse i EM

Av dei fem norske symjarane som deltek i EM er det berre Solli som har ein realistisk moglegheit til å nå finalen.

Han skal symje 50- og 100 meter rygg og er best på den korte distansen, der han har den nordiske rekorden.

– Ein ny pers er det minst ein kan forvente. Det blir kjempekult å symje kortare distansar, seier Solli.

– Eg håpar at eg kan symje raskare enn eg har gjort tidlegare. Det er jo alltid eit mål. Så håpar eg sjølvsagt på medalje, seier 22-åringen.

EM i Berlin blir arrangert mellom 13. og 24. august.