NRK Meny
Normal

Suksess for solbrilleprodusent frå Bergen

Om du ikkje har merka deg namnet Kaibosh, så gjer det no. I løpet av eitt år har dei bygd seg opp til å bli Skandinavia sitt største solbrillemerke, og bedrifta er basert i sjølvaste regnbyen.

Om du ikkje har merka deg namnet Kaibosh, så gjer det no. I løpet av eitt har dei bygd seg opp til å bli bli Skandinavias største solbrillemerke, og bedrifta er basert i sjølvaste regnbyen.

SOLBRILLER FRÅ BERGEN: Kaibosh gjer stor suksess, og solbrillefirmaet har base i regnbyen Bergen.

Helge Flo og Michelle Rowley i Kaibosh

FØLGDE DRAUMEN: Michelle Rowley og Helge Flo følgde draumen og starta ei bedrift som sel solbriller. Dei har base i Bergen, og no blir brillene selt over 300 stader i verda.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Det er kanskje usannsynleg, men det er faktisk sant. Personane bak merket Kaibosh, har gjort stor suksess på å produsere solbriller, og firmaet er basert i Bergen.

– Denne er fin, seier Helge Flo som er kreativ ansvarleg i Kaibosh.

Han står og ser på eit av fleire par solbriller som er fordelt utover eit bord.

– Chips & Salsa, bekreftar Michelle Rowley som er merkeansvarleg i firmaet.

I løpet av 14 månader har paret gått frå å ha ein draum, til å ha bordet fullt av ulike modellar av solbriller.

Selt 300 stader i verda

Frå eit industrilokale på Laksevåg i Bergen, har dei selt 10 000 briller, og har fått plass i dei hippaste motebutikkane. Brillene blir selt 300 stader rundt i verda.

– Viss dykk hadde spurt om me kom til å ha brillene i dei beste butikkane i verda om eit år, så ville me sagt nei, seier Michelle Rowley.

Suksessen bak solbrillene meiner Rowley og Flo kan vere at dei følger trendane frå andre stader enn New York, Milano, og Los Angeles. Altså, at dei ligg utanfor dei store motemetropolane.

– Når me sitt i Bergen og tolkar ting, så får me noko heilt anna enn når me tolkar det i Bergen, seier Flo.

– Det er det kundane våre vil ha. Dei vil ha noko som dei kjenner igjen, men som er tolka på ein anna måte enn dei har sett tidlegare, legg han til.

Saka held fram under bilete.

Kaibosh

NESTE KOLLEKSJON: Det er den amerikanske bilbyen Detroit dei har sett til, på korleis bygningane der fell saman og blir tatt over av graffiti og ugras, og dei har sett på korleis folk der kler seg. Dette tar dei med seg inn i brilledesignet.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Utvidar bedrifta

Firmaet har vakse så mykje at i løpet av dei neste 14 dagane må dei flytte heile lageret sitt til Polen, og dei må flytte kontoret på Laksevåg til eit større hovudkontor i Bergen sentrum.

Samtidig skal dei opne verdas to første eigne Kaibosh-butikkar i København og Bergen.

– Akkurat i dag så manglar me faktisk dør inn til butikken i København, så me får finne ut korleis me skal komme oss inn der. I Bergen manglar me golv, så det må me òg finne ut av, seier Flo.

– Eg trur me har golv og dør i Polen, seier Rowley nøgd.

Helge Flo

NY KOLLEKSJON: Detroit har vore inspirasjonen til neste kolleksjon med Kaibosh-briller.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik