Hopp til innhold

Solberg måtte prioritere regjeringsforhandlingar då mannen fekk kreft

– Eg sat i nesten 15 dagar på Granavolden og forhandla regjeringsplattform. Då kjente eg meg ikkje som ei snill kone, seier statsminister Erna Solberg.

Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes besøker Lindmo.

HOS LINDMO: Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes snakkar om kreftsjukdomen.

Like før jul fekk statsminister Erna Solbergs ektemann, Sindre Finnes (54), beskjed om at han hadde kreft. Kreften blei oppdaga etter at han fekk eit blødande sår i panna.

På «Lindmo» fredag fortel han og Erna Solberg om tida etter at han fekk beskjeden. Finnes seier han var førebudd på at det kunne vere noko alvorleg då han oppsøkte legen.

– Det er ein dramatisk beskjed å få, seier Finnes.

Måtte forhandle

Krefttypen skildrast som ikkje-dødeleg, men det var likevel naudsynt med behandling. Finnes fekk operert bort fleire vondarta flekkar.

Sindre Finnes

KREFT: Sindre Finnes, ektemannen til Erna Solberg, fekk beskjed om at han hadde kreft like før jul.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Sjølv om ho blei roa av at det var ein krefttype med få komplikasjonar, seier Solberg at det likevel var ein vanskeleg beskjed å få.

– Eg trur alle får litt vondt i magen når dei høyrer ordet «kreft». Eg trur ingen som får beskjed om at kjærasten din eller mannen har fått kreft, ikkje får ein uro i kroppen av det, seier statsministeren.

I vekene før hadde forsøka på å få til ei utvida regjering med KrF tatt mykje av tida til statsministeren. Etter juleferien var det rett tilbake til forhandlingsbordet.

– Det var vanskeleg, for beskjeden kom jo rett oppunder jul, og neste runde var i byrjinga av januar.

– Eg sat i nesten 15 dagar på Granavolden og forhandla regjeringsplattform. Då kjente eg meg ikkje som ei snill kone.

Solberg og Finnes hos Lindmo

UROLEG: – Eg trur ingen som får beskjed om at mannen har fått kreft, ikkje får ein uro i kroppen av det, seier Erna Solberg. Fredag er ekteparet gjest på «Lindmo».

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Andre omgang med kreft

Finnes fekk for fyrste gong påvist hudkreft for litt mindre enn to år sidan.

– Ein får behov for å vere litt for seg sjølv og tilarbeide beskjeden ein har fått, seier han om å få same beskjed på nytt.

Då det blei kjend at Finnes igjen hadde fått ein kreftdiagnose, sa han til NRK at han trudde kreften skuldast dårlege smørevaner då han var ung.

– Denne kreftforma kjem av for mykje sol, og den kan ha oppstått for 20–30 år sidan då vi gjekk på ski utan å smørje oss. Det var vi ikkje så flinke til den gongen, sa han då.

Klar fordeling frå starten

At Solberg skulle prioritere politikken, blei dei tidleg samde om, fortalde Sindre Finnes til Lindmo-publikumet.

– Vi gjorde ei avtale der eg lova å ta mesteparten av arbeidet med barna, slik at ho skulle få drive med politikk.