Hopp til innhold

Softball: – Vi e’ grådig kry i dag

Marius Larsen og Marit Voldsæter er på La Manga og meiner Softball-talentet deira, Fredrik Haugen (19), har dobla verdien sin allereie.

Video Softball på La Manga

– Eg er imponert, seier Larsen om talentet sin innsats på banen.

Voldsæter legg på si side til at ho øygnar ei potensiell verdistiging på den «Softball-finansierte» spelaren.

– Me er veldig nøgde med Fredrik i dag, og me meiner bestemt at han har dobla seg i verdi, seier ho.

Softball finansierte i fjor sommar overgangen mellom dåverande Løv-Ham spelar, Fredrik Haugen, og Brann. I fylgje ba.no brukte dei om lag 400 000 kroner på overgangen, men talentet sjølv er usikker på kor mykje supportarane faktisk eig av han.

– Veit de kor mykje de eig av han?

– Me har kome halvvegs i finansieringa og har eine foten inne. No ynskjer me å satsa og skal halda ny konsert 13.mars, så då håpar me at me får inn nok pengar til å kjøpa heile Fredrik, seier Voldsæter.

Haugen tykkjer det er kjekt med besøk frå dei som enn så lenge eig halvparten av han.

– Det er veldig kjekt at dei er interesserte og har lyst å sjå meg spela, seier han.

Video Brann slo Sarpsborg

SIGER: Brann slo Sarpsborg 2-0 på La Manga i går.