Hopp til innhold

Snudde før kontroll – hekta fast bakenden

Knappe 200 meter før køyretøykontrollen, prøvde denne bilisten å snu midt i den trafikkerte europavegen. Det enda med at bakenden på bilen sette seg fast i autovernet. – Trafikkfarleg, er den klare beskjeden frå Vegvesenet.

Snuoperasjon før kontroll på E16

OG SLIK GJEKK DET: Bilisten hekta bakenden fast i autovernet då vedkommande snudde før ein køyretøykontroll på E16 utanfor Bergen. Vegvesenet er lite imponert.

Foto: Bjørn Erik Ovesen

Snuoperasjon på E16

SKAPTE KØ: Manøveren stogga trafikken på E16 utanfor Bergen.

Foto: Bjørn Erik Ovesen

– Dette kan skape trafikkfarlege situasjonar, seier fagansvarleg for utekontrollar bergensområdet, Tom Børslid.

Det var tysdag denne veka at situasjonen oppstod på E16 i Hordaland ved Romslo. Eit skilt opplyste om kontroll av alle køyretøy som passerte på europavegen aust for Bergen. Men ein bilist bestemte seg for å snu bilen på staden og heller køyre motsett veg.

Det gjekk ikkje heilt etter planen.

– Ein gjengangar

For i det bilisten skulle snu seg rundt hekta tilhengjarfestet seg fast i autovernet. Bilen vart ståande bom fast, tvers over køyrefeltet på den sterkt trafikkerte E16.

Om det var køyretøykontrollen 250 meter lenger framme bilisten ville unngå, er ikkje kjent. Men slike snuoperasjonar er ikkje noko nytt for Statens vegvesen sine kontrollørar.

– Vi opplever av og til at folk snur før ein kontroll, men det er ikkje alltid vi får det med oss. Vi ser veldig alvorleg på dette, seier Børslid.

Nokre ventar til kontrollen er over

Slike manøvreringar kan difor vera eit større problem enn Vegvesenet er klar over. Samstundes opplever dei at nokre førarar parkerer bilen i trafikklommer og ventar til kontrollane er ferdig.

Dette blir ofte fanga opp ved hjelp av tips frå andre trafikantar.

– Då reiser vi for å sjekke dei som står i lommene. Vi ser at det bilistane informerer kvarandre om at det er kontroll, spesielt blant utanlandske køyretøy. På den måten kan dei stogge og vente i trafikklommer, forklarer Børslid.

Han er veldig glad for årvakne bilistar som gir beskjed.

– Her om dagen fekk vi eit tips om alvorleg brot på køyretid. Då spora vi opp personen det gjaldt og avdekka eit skikkeleg brot. Så vi følgjer ofte opp tipsa vi får og det viser seg at dei som oftast stemmer. Folk reagerer og tipsar oss; det er veldig bra, avsluttar Børslid.