Hopp til innhold
Søk i snøskred ved Blåmanen
Foto: Bergen Røde Kors Hjelpekorps

Snøskred over turveg i byfjella

Oppsummert

Eit 300 meter breitt snøskred gjekk fredag kveld over ein tursti ved Brushytten i byfjella i Bergen. Ingen personar vart tekne i skredet.

  • Rundemansveien er opna

    Etter å ha vore stengd på grunn av snøskred sidan fredag kveld, er Rundemansveien no opna for fri ferdsel, melder Bymiljøetaten onsdag kveld. Fredag kveld gjekk det eit snøskred ved Rundemansveien på oppsida av Brushytten. Ingen personar kom til skade i skredet.

  • Set opp sperreband etter skredet

    Politiet er no i ferd med å setje opp sperreband i området ved Brushytten, der det gjekk snøskred i går. I tillegg er Røde Kors til stades for å halde turgåarar unna området.

    Laster Twitter-innhold
  • Skigåarar blir åtvara

    Det er laurdag mykje folk i området rundt Fløyen, der lysløypa for skigåarar startar. Desse vert gjort merksame på at dei ikkje kan gå inn i området der det gjekk snøskred i går. – Det er framleis fare for skred samt at is og istappar kan rase ned på vegen, seier vakthavande beredskapskoordinator Snorre Halvorsen i Bergen kommune.

  • Fryktar fleire ras

    Ein geolog har no undersøkt snøskredet som gjekk i Rundemansveien i Bergen fredag kveld. Området er sperra av, og ifølge geologen er det fare for at snø og is framleis kan rase. Bergen kommune oppfordrar folk til å halde seg vekke. – Dette er eit populært turområde, som dessverre vil bli stengd dei neste dagane, seier vakthavande kommunaldirektør Harm-Christian Tolden.

    Snøskred ved Rundemannen
    Foto: Snorre Halvorsen / Bergen kommune