Hopp til innhold

Snøsikre Røldal må doble produksjonen av kunstsnø

RØLDAL (NRK): Kortare vintrar gjer at skianlegga investerer millionar i snøkanonar. Til og med snøgarantisten i Røldal må lage meir av sin egen snø.

Røldal skisenter

MEIR KUNSTIG: Røldal skisenter, mellom Odda og Haukeli, må investera fire millionar kroner i nye snøkanonar for å halda ope like lenge som før.

Foto: Røldal skisenter

I årevis har alpinanlegget ved E134 mellom Odda og Haukeli vore kjent for å vera av dei mest snøsikre i heile landet.

Med kring 1000 mm nedbør kvar vinter (enkel omrekning gir 10 meter med snø) og skiheisar som tek deg opp til 1300 meter over havet, er skianlegget av dei som kan halda lengst ope.

Men dei siste åra har noko endra seg.

– Dei kalde periodane vert kortare for kvart år. Då er det viktig å kunne produsere eigen snø, seier dagleg leiar Oddvar Bratteteig i Røldal Skisenter.

Dagleg leiar hjå Røldal Skisenter Oddvar Bratteteig.

VIL HA KVIT JUL: Oddvar Bratteteig i Røldal Skisenter fortel at dei er ekstra budde før denne sesongen. Dei har nemleg brukt fire millionar på nye snøkanonar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Brukar fire millionar på meir kunstsnø

Han syner fram dei nyinnkjøpte snøkanonane som skal sikre ein like lang sesong som vanleg i Røldal.

– Me har nokre kalde periodar på hausten utan at det kjem snø. Somme gongar kan dei vare lenge, og då er det dumt å tenke at vi kunne ha halde opent dersom vi hadde hatt kunstsnø, seier Bratteteig.

Snøkanonane i Røldal hentar vatn frå ein pumpestasjon, og før sesongen har senteret brukt fire millionar på eigenprodusert snø.

– Dei gjer at vi får opna anlegget tidlegare enn viss vi skulle vente på natursnøen.

Camilla Sylling Clausen, generalsekretær i Alpinanleggenes landsforbund

– FORSTÅELEG: Camilla Sylling Clausen i Alpinanleggenes Landsforening fortel at lite snø dei siste åra har gjort at fleire av dei mindre skianlegga har investert i kunstsnø.

Foto: NRK

Ikkje aleine

Bratteteig er ikkje aleine om å produsere meir av sin eigen snø. Senteret er eitt av mange i Noreg som har investert fleire millionar på å sikre kvitt underlag i bakkane.

På Voss har dei tatt enno hardare i for å sikra ein tidleg sesongstart.

– Me har investert 30 millionar kroner for å utvide snøkanonanlegget, fortel dagleg leiar Anna Bryn i Voss Resort.

Selskapet tenar pengar, men då i første omgang på grunn av hyttesal. Avisa Hordaland skriv tysdag at Voss Resort har raude tal i rekneskapen for sjølve skianlegget, mykje på grunn av dei store investeringane i kunstsnø.

Likevel meiner Bryn det er mogleg å henta pengane inn igjen.

– Så lenge ein startar tidleg vil ein tena det inn. Snø frå himmelen er gratis og det blir lønsamt når vi sikrar eit godt grunnlag og stabile forhold med kunstsnøen.

Snøfattig

Generalsekretær Camilla Sylling Clausen i Alpinanleggenes Landsforening fortel at anlegga har lagt bak seg ein snøfattig sesong.

– Vi har difor sett ein auke i kunstsnøinvesteringar. Førre sesong sette nok tankane i gang, spesielt hjå dei små anlegga, forklarar Clausen.

Med meir produksjon av egen kunstsnø, blir anlegga mindre avhengig av vêret.

– Ein får eit betre grunnlag for ein stabil sesong, uavhengig av kva som kjem frå himmelen, seier ho.

I Røldal vil Oddvar Bratteteig legge til rette for ei kvit jul. Målet er sesongopning om ein månad.

Det betyr å produsere så mykje snø som mogleg på kortast mogleg tid.

– Vi skal vere klare til kulda set inn for fullt, lovar han.

Martine Gleditsch nyter en halv meter pudder i Røldal Skisenter onsdag (6. februar) denne uken

SNØSIKKERT: Høgfjellsanlegget i Røldal har i alle år vore kjent for å vera av dei mest snøsikre i Norge. Her er det skikøyrar Martine Gleditsch som nyt puddersnøen i Røldal.

Foto: Skiinfo.no