NRK Meny
Normal

Snøkaos i Bergen: Vanskelege køyreforhold og stengde rullebaner

Bilistar slit og det er venta forseinkingar og kanselleringar på Flesland onsdag føremiddag.

Snøkaos på veg mot Bønes

BØNES: Fleire bilar slit med å kome seg fram i snøkaoset onsdag morgon.

Foto: Pål Bentdal

Det er vanskelege køyreforhold fleire stader i Hordaland onsdag morgon.

Rullebana på Flesland er stengd, og førebels har ingen fly fått lette.

– Det har snødd tett i mange timar og vi har jobba på spreng heile natta. Vi klarar ikkje brøyte vekk alt før det kjem ny snø. Flya kan verken lande eller ta av, seier fungerande lufthavndirektør, Øystein Skaar.

SAS-fly venter på å få lette

FORSEINKA: Dette SAS-flyet skulle ha letta klokka 08.00 med avgang frå Oslo til Bergen, men vart utsett til 09.15. Passasjerar som skulle reist kl. 07.00 var tatt med på dette flyet.

Foto: Nina Eriksen / NRK

Ventar fleire kanselleringar

NRK får opplyst 08:20 at fleire passasjerar no har fått gå om bord i eitt av flya.

Klokka 08.30 er beskjeden frå Avinor at rullebana er opna.

– Vi håpar det vert betre utover formiddagen, seier Skaar.

Han er tydeleg på at det kjem til å bli forseinkingar og at det kan kome fleire kanselleringar i løpet av dagen.

Beskjeden frå Avinor like før klokka 09.30 er at vêret er betrakteleg betre.

– Mange avgangar vil bli utsett, men folk må høyre på flyselskapa og møte opp når dei får beskjed, seier Skaar.

Passasjerer på Bergen lufthavn

STENGD RULLEBANE: Snøen gjer at ingen fly får lande eller ta av frå Flesland. Truleg vil det bli store forseinkingar utover dagen.

Foto: Bodil Moldskred / NRK

Sleipe vegar

Også Vegtrafikksentralen opplyser at det er svært sleipt i dag, særleg i distrikta.

Politiet har no sendt ut ein patrulje for å assistere på Fanafjellet.

– Særleg i Nordhordland har det vore ille i morgontimane, fortel trafikkoperatør Morten Hansen.

Der hamna ein bil ut av vegbana og trefte ein stolpe like etter klokka 05.30. Bilføraren vart ikkje skadd og melde sjølv frå til politiet.

Brøyter i heile Hordaland

Vegvesenet har send ut brøytebilar over heile fylket, og reknar med at dei også må ut med saltebil.

Arild Taule er brøytebilsjåfør. Han fortel at det er særs vanskelege forhold i Åsane.

– Snøen er svært tung. Difor er det ikkje nok å brøyte berre ein gong, seier han.

Vegvesenet håpar situasjonen blir betre utover dagen.

– Det legg seg eit tynt lag med snø eller sludd, men vi reknar med dette forsvinn etter kvart som trafikken tek seg opp og vêret vert betre, seier Hansen.

Vanskelege køyreforhold i Åsane

VANSKELEG: På E39 i Åsane var det dårleg sikt og glatt køyrebane i morgontimane.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Fleire stengde fjellovergangar

På Rv. 7 over Hardangervidda er det stengd for personbilar.

Det er innført kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.

Rv. 13 over Vikafjellet er stengd for all trafikk.

Dei andre fjellovergangane er opne som normalt.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås