No er over 100 flygingar kansellerte

Sterk vind og glatt rullebane stengde Flesland. Over 100 flygingar er så langt innstilte, og problema er ikkje over enno. – Folk lurer på om dei kjem seg på ferie, seier lufthamnsjefen.

Flesland avgangshall

AVGANGSHALLEN: Slik ser det ut i avgangshallen på Flesland i Bergen fredag klokka 17.

Foto: Christine Kongsvik / NRK
Venta i fleire timar

MÅTTE VENTA: Dei reisande med KLM sitt fly til Amsterdam måtte venta i flyet i timevis fredag morgon.

Foto: Nina-Therese Skorgen

Det har sidan fredag morgon klokka fem vore store problem med flytrafikken ved Flesland. Lufthamna var stengd fram til klokka elleve.

– Klokka 14 hadde det totalt sett vore 40 innstilte avgangar og 40 innstilte ankomstar, og det har også vore fleire utover ettermiddagen, seier lufthamnsjef Aslak Sverdrup til NRK fredag i 16-tida.

Seint fredag ettermiddag er fleire fly innstilte eller utsette. Her kan du følgja flytrafikken.

– Vi håpar at alle som er her no kjem seg avgarde, men det er ikkje sikkert enno, seier Sverdrup.

– Passasjerane tek det med godt humør

Medan problemet i morgontimane var rullebana, er det fredag ettermiddag framleis fullt av folk i terminalen.

– Det er nokre som står og prøver å booka om billettar, nokre som kansellerar og så er det nokre som er på veg inn. Mange er usikre på om dei kjem seg på ferie eller avgarde andre stader, seier Sverdrup.

Han har så langt ikkje fått mange sure miner frå dei ventande passasjerane.

– Dei fleste har forståing for situasjonen, at det er tøft vêr akkurat no. Det er klart at det er frustrerande, men dei tek det med godt humør, vil eg seia.

Over hundre flygingar kansellerte

Klokka 18.30 opplyser Sverdrup at det totalt er 105 innstilte flygingar så langt fredag.

– Det kan koma fleire, men det ser betre ut. Trafikken går unna, men det er framleis mye folk, seier han.

Det er varsla meir snø i natt og i morgontimane laurdag, og Flesland har full bemanning på brøytemannskap.

– Vi kjem til å halda på i heile natt uavhengig av vêret, for det er mykje etterarbeid som må gjerast, mellom anna snø som må fraktast bort, fortel Sverdrup.

Han kan ikkje garantera at flytrafikken vil gå knirkefritt laurdag, sjølv om rullebanene blir heldt snøfrie.

– Med så mange innstillingar forplantar feila seg over lang tid. Det kan vera personell som er på feil stad, eller har vore på jobb for lenge, til dømes.

Wiederøe-fly krasja

Aktivitet på Flesland igjen

OPNA ATT: Etter timar med iherdig arbeid med å fjerna is frå rullebana, kunne dei første flya ta av frå Flesland mellom 11.00 og 11.30 fredag.

Foto: 03030-tips

Ei Widerøe-maskin fekk fredag morgon trøbbel på flyplassen. Kombinasjonen glatt rullebane og sterk vind gjorde at piloten mista kontrollen.

– Flyet vart tatt av sidevinden og sklei inn i ei mast på veg inn mot gaten, seier Sverdrup.

Ingen personar vart skadde i samanstøyten.

Veldig glatt

Fredag føremiddag stod alle flya på bakken på flyplassen. Først klokka 11 kunne Avinor stadfesta at flyplassen kunne opna igjen.

– Bakken vert veldig glatt, me jobbar med å få opp friksjonen med alt mannskap me har tilgang på, sa flyplassjefen til NRK.no i 9.30-tida fredag morgon.

Flyplassen har heile tida vore open for publikum, men er stengt for trafikk. Avinor oppmodar likevel alle reisande om å møta til avtalt tid.

– Det kan vera fly som plutseleg kjem inn og går på rute, så det er viktig å halda seg orientert om avgangen ein skal med, seier Sverdrup.

– Kan ta tid

Etter sterk vind og uvêr torsdag kveld, tårna problema seg opp for Avinor fredag. Det er venta at det vil ta lang tid før flytrafikken går som normalt.

Flystripa på Flesland

FULL VINTER: Slik såg rullebana på Flesland ut fredag morgon.

Foto: 03030-tips

– Det er både følgjeforseinkingar frå uvêret i går, og så vil jo snøfallet gje ekstra forseinkingar.

Sat timevis i flyet

Nina-Therese Skorgen og resten av passasjerane som skulle reisa med KLM til Amsterdam klokka 6.30 fekk ein lite hyggeleg start på dagen.

Etter nærmare fire timar sat framleis Skorgen og dei andre passasjerane i flyet.

– Me får gå ut i oppgangen og mellom flyet og gaten, men ikkje inn i det fulle terminalbygget, seier Skorgen til NRK.no.

– Me har fått mat og drikke, og folk har etter tilhøva godt humør.

Frå flyet kan dei sjå at mannskapa på flyplassen er i full sving for å gjera rullebana farbar.

– Me sitt og ser ut på brøytebilar som jobbar iherdig, seier Skorgen, som kryssar fingrane for at ho kjem seg til Amsterdam og vidare mot Hamburg fredag.

Her kan du sjå bilete frå snøkaoset fredag:

Siste video

Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.
Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.