NRK Meny
Normal

Snart opnar skiheisane

Til helga opnar truleg dei første alpinanlegga i Hordaland for sesongen. På Voss og i Myrkdalen trur dei på opning komande helg, og Røldal og Eikedalen følgjer hakk i hel.

Myrkdalen fjellheiser as

MYKJE SNØ: Fleire skianlegg kan truleg opne snart. Her frå Myrkdalen tysdag.

Foto: Myrkdalen fjellheiser AS

Voss Resort

OPNING SNART: Voss fjellheisar har ein del snø i anlegget, og dei satsar på opning neste helg, om det ikkje blir førstkomande helg.

Foto: Voss Resort

– No er det null grader, det snør tett, og det skal det gjere heile dagen, og så får me eit par dagar med mildvêr. Så er det snø igjen frå fredag av, seier dagleg leiar i Eikedalen skisenter, Fredrik Tønjum.

Han kan fortelje at det nedst i anlegget er det over 25 centimeter med snø, og at snøen er tung og fin. Det kan gi eit godt underlag for resten av sesongen.

– Me ser lyst på det å kunne opne laurdag den 13. desember. Sjølvsagt kan mykje skje, men det ser lovande ut, legg han til.

Opning neste helg blir det truleg også for Røldal skisenter.

– Det er kvitt. Frå før hadde me snø på gjennomsnitt 15–20 centimeter med snø, og det snør tett endå, seier Oddvar Bratteteig, dagleg leiar i Røldal skisenter.

– Me håpar me kan opne laurdag 13. desember, men det kjem an på kor mykje snø og kulde det blir, legg han til.

Opnar truleg i helga

Myrkdalen fjellheiser as

MYKJE SNØ: I Myrkdalen er 30 centimeter med snø nede i anlegget.

Foto: Myrkdalen fjellheiser as

Alt til helga kan dei ivrigaste truleg spenna på seg i Myrkdalen, om alt går etter planen.

– Me har eit håp om å få opna no komande laurdag, seier dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheiser as, John Ivar Nordheim.

Myrkdalen som i fjor hadde tidenes beste sesong, kan mogeleg få følgje av Voss fjellheisar, som satsar på opning dei komande vekene etter bra snøfall.

– No lavar snøen ned, så held det fram slik så er ikkje opning til helga utenkjeleg. Men, då må det halde seg på dei temperaturane me har no, seier dagleg leiar i Voss fjellheisar, Anna Bryn.

– Blir det mildare, så blir det litt vanskeleg. Kanskje er neste helg litt meir realistisk, legg ho til.

I Bavallen er det 20 centimeter med snø, medan det oppe i anlegget er 40–50 centimeter med snø.

– God sesong er alltid kjekt

Etter nedturen med millionunderskot vinteren 2014 er det viktig for Eikedalen å få i gang heisane. Det trengst for å forsvara nye investeringar.

– No i 2014 ser det foreløpig ut til å bli den verste sesongen nokon sinne, så me håpar på å kunne pynte litt på det med å få drift no i desember, seier Fredrik Tønjum.

– Det er klart at om det vert ein god sesong, så kan me investere meir, og få opp att interessa etter sist vinter. Ein god sesong er alltid kjekt, seier han.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.