Hopp til innhold

Snart kan Forum Kino vera freda

«Art deco»-kinoen på Danmarks plass kan snart få status som freda bygg. Huseigaren ynskjer fredinga velkomen.

Bjarte Ystebø framfor Forum kino i Bergen

JA TAKK: Dagleg leiar Bjarte Ystebø i Forum Kino Eiendom, som eig bygget.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Forum kino er kanskje ikkje det han eingong var, men aktiviteten i det ærverdige bygget sør for Bergen sentrum har likevel vore høg dei siste åra.

Her har mellom anna TV 2 hatt sine auditions for Norske Talenter, og Høgskulen har nytta bygget til markering av studiestart. I haust set Forum Scene opp teaterstykket «Peter Pan».

Det private selskapet har hatt fleire teaterførestillingar i bygget dei siste åra.

Vil freda bygget

I glanstidene var kinoen Noregs største frittliggjande kinobygning. No vil fylkeskommunen sikra at bygget vert freda.

– Det er ein bygning som har ein heilt særeigen arkitektur. Den er såpass flott at vi legg til grunn at den bør ha nasjonal kulturminneverdi, seier fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.

20. august skal fredingsforslag opp i kulturutvalet i fylkeskommunen.

«Forum kino er eit representativt og godt bevart døme på ein storkino frå midten av 1900- talet og eit av dei fremste døma på monumental art deco-prega arkitektur i Noreg», heiter det i forslaget som skal ut på høyring.

Fylkeskommunen skriv også at fredinga skal leggje til rette for vidare bruk av kinobygningen som scenelokale.

Forum kino i Bergen

KAN BLI FREDA: Den gamle storkinoen på Danmarks plass i Bergen kan få status som freda. Her er art deco-bygningen avbilda våren 2000, då den amerikanske storfilmen Erin Brockovich rulla over norske kinoskjermar.

Foto: Eriksen, Fredrik / NTB scanpix

Ønskjer freding velkommen

Det var Ole Landmark som teikna Forum kino tilbake i 1936. Ti år seinare stod kinoen klar for opning. I 2005 vart kinodrifta lagt ned.

Arkitekturen går inn under norsk funksjonalisme, men dekorative element i fasaden gjer kinoen også kan kallast ein art deco-bygning.

Det er Forum Kino Eiendom som eig bygningen. Dagleg leiar Bjarte Ystebø ønskjer ei freding velkommen.

– Som huseigar er ein alltid litt betenkt når vernemyndigheitane kjem. Men uavhengig av det, så hadde vi ønska å føre tilbake kinoen til det opphavlege. Vi ønskjer å gjenreise Forum til fordoms prakt, seier Ystebø til NRK.