Hopp til innhold

I haust kan asylmottaket vere historie

Det store asylmottaket på Landås i Bergen kunne bli eitt av dei største i landet. No har det ikkje fått inn nye flyktningar sidan mars.

Asylmottaket på Landås nytt redigert bilde

FLYTTAR: Kvar veke flyttar bebuarar ut frå asylmottaket på Landås, medan det ikkje har komme inn nye sidan mars. No trur Norsk Folkehjelp at asylmottaket er tomt i løpet av hausten.

Foto: Ole-Andre Lagmanndokk / NRK

– Ifølgje signala vi har fått frå UDI går det mot nedlegging av drifta her når kontraktperioden går ut i november, seier leiar Georg Mevold ved Landås Mottak til Bergensavisen.

Det store mottaket vart oppretta i november i fjor, og har plass til totalt 635 bebuarar.

Flyttar folk kvar veke

På det meste har det ifølge BA vore 416 personar buande på mottaket. I dag er det langt færre. Sidan mars har det ikkje komme nye bebuarar til asylmottaket, fortel Mevold.

Mottaket midt i bustadområdet på Landås i Bergen er eit såkalla «avlastings- og transittmottak». Det betyr at det er ein mellombels stoppestad for asylsøkjarar som ventar på å bli plassert andre stadar.

– Det flyttar folk herifrå kvar veke. No går det mot tomt mottak i november, men det vil sjølvsagt avhenge av flyktningsituasjonen i verda, understrekar leiaren.

Mottaket, som ligg i bygget som tidlegare husa lærarhøgskulen i Bergen, vart oppretta som eit akuttmottak då flyktningsituasjonen i Europa var særs prekær i vinter. Norsk Folkehjelp fekk ansvar for drifta, i første omgang altså i tolv månadar.

Få klagar

Norsk Folkehjelp, UDI og Bergen kommune inviterte til folkemøte for naboane på Landås mottaket vart oppretta. På møta uttrykte nokre naboar uro for å få mottaket i nærmiljøet, medan andre lurte på korleis dei best kunne hjelpe til.

Eit halvt år etter at dei første flytta inn, kan politiet fortelje at dei har hatt få oppdrag knytt til asylmottaket.

– Det har vore nokre småepisodar, men færre enn venta. Vi har heller ikkje fått nokon klagar frå naboar. Norsk Folkehjelp har gjort ein veldig god jobb, seier politibetjent og mottaket sin kontaktperson i politiet, Kjartan Snorrason til BA.

Folkemøte om asylmottak på Landås

Mange møtte opp då det vart arrangert folkemøte før opninga av asylmottaket i november i fjor.

Foto: Thomas Hellum / NRK