Hopp til innhold

Snart er vegmarerittet deira over

TYSSE (NRK): I fleire år har småbarnsmor Jorunn Skutlaberg budd med den smale og trafikkerte vegen som næraste nabo. I juni er redninga ferdig.

Jorunn Skutlaberg i Tysse sentrum

TRONGT: Eit stort vogntog manøvrerer seg gjennom dei tronge smaua på fylkesveg 48 i Tysse i Samnanger. Jorunn Skutlaberg og sonen Vegard følgjer med frå tunet sitt kloss i vegen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ytra Tysse i Samnanger er den siste flaskehalsen som er att på fylkesveg 48 mellom Tysse og Eikelandsosen. Gjennom det vesle sentrumet er vegen så smal og husa står så tett at å køyre der med bil følast som å vera i ein liten labyrint.

I husa kloss i vegen bur samningar som lenge har levd med at gjennomgangstrafikken til og frå Eikelandsosen lenger sør snik seg forbi dørene og vindauga deira.

Spring etter barna

Ei av dei er Jorunn Skutlaberg, som saman med mannen bur i eit hus tett oppi fylkesvegen. Dei har tre små barn under skulealder, og fryktar farane med vegen kvar dag.

– Dei minste torer me ikkje å sleppa ut aleine. Dei må haldast under oppsyn heile tida, og me spring etter barna om dei legg kursen mot fylkesvegen, seier Jorunn og ser det eine vogntoget etter det andre snike seg mellom husa.

Sjå korleis kvardagen til Jorunn og dei andre innbyggjarane i Ytra Tysse er:

Created by InfoDispatcher

– Ei mare

Varaordførar Brigt Olav Gåsland i Samnanger kommune

Varaordførar Brigt Olav Gåsland i Samnanger kommune har i mange år vore med å kjempa for tunnel bak Tysse sentrum.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Varaordførar Brigt Olav Gåsdal (Ap) møter NRK på den idylliske kaien i Tysse sentrum. Det er få meter over til den lokale Spar-butikken i bygda. I mellom oss dundrar trafikken forbi.

– Det er ei mare å bu her i sentrum og opp mot Gaupholmen. Og det er blitt verre og verre etter kvart som fleire delar av fylkesveg 48 har blitt utbetra. Det ryk takrenner her kvar månad. Det er rett og slett ikkje plass til dei største vogntoga her.

Som ordførar i kommunen på 1990-talet kjempa han for å betra situasjonen, og bygga tunnel i fjellet bak sentrum. Det skulle gå mange år til før midlane var på plass.

– Sparar nokre minutt

Prosjektleiar Svein Rosseland i Statens vegvesen framfor Tyssetunnelen i Samnanger

Prosjektleiar Svein Rosseland i Statens vegvesen er glad for at vegprosjektet på Fv 48 er i rute. 29 juni blir det opning av 7,5 kilometer med heilt ny veg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Og her går vegen inn i fjellet i staden for ned mot Tysse sentrum, peikar og forklarar Svein Rosseland, medan han tek NRK med i den nye tunnelen som snart står klar til bruk.

Som prosjektleiar i Statens vegvesen har han dei siste åra hatt ansvaret for utbetringa av fylkesveg 48 ved Tysse. Løysinga på den livsfarlege trafikken gjennom bygda har blitt ein 7,5 km ny veg, der 2,3 km av dei går gjennom tunnel bak sentrum.

I tillegg blir det heilt ny gang- og sykkelveg både langs fjorden og Tysseelva som samningane kan ta i bruk. Prislappen er på kring 670 millionar kroner og er finansiert av fylkesvegmidlar.

– 29. juni opnar vi tunnelen. Gjennomgangstrafikken vil bli betydeleg mindre så det blir ein stor forbetring for dei som bur nede i sentrum, forklarar Rosseland.

Bli med på tur gjennom tunnelen!

Fartsgrensa i tunnelen blir 80 km/t når vegen opnar 29.juni. På grunn av anleggsarbeidet var fartsgrensa under dette opptaket nedsett.

Fartsgrensa i tunnelen blir 80 km/t når vegen opnar 29.juni. På grunn av anleggsarbeidet var fartsgrensa under dette opptaket nedsett.