Hopp til innhold

Her vart Marta (10) funnen. Politiet meiner menneskehandlarar venta.

Fleire og fleire born blir smugla inn til Noreg til eit liv med prostitusjon og tjuveri. Ti år gamle Marth vart smugla til Bergen frå Etiopia av ein framand mann.

Togstasjonen i Bergen

FUNNEN ÅLEINE: 10 år gamle Martha vart funnen på desse benkene på togstasjonen i Bergen. Ho fortalde at ein framand mann hadde teke henne med til Noreg.

Foto: Trude Bakke / NRK

Smugling av born frå Afrika til Europa og Noreg har vore eit aukande problem dei siste åra. Stadig oftare kjem politiet over born som vert utnytta til å gjennomføre kriminelle handlingar, fortel politiadvokat Rudolf Christoffersen.

– Born vert utnytta til sal av blant anna narkotika og til prostitusjon. Dette er noko vi fram til i dag ikkje har vore i stand til å avdekkje, seier Christoffersen til NRK.no.

Martha (10) funne på togstasjonen

Ein sein junikveld for to år sidan vart ei lita jente funnen på togstasjonen i Bergen. Her sat ho aleine på ein benk då forbipasserande og etter kvart politiet tok seg av henne.

Etiopiske Marta var ti år gamal og fortalde at ein framand mann hadde teke henne med til Noreg. Politiet mistenker menneskehandel, og Martha er ikkje den einaste, seier Christoffersen.

Rudolf Christoffersen

AVDEKKER FLEIRE SAKER: Born vert smugla til Noreg frå Europa og Afrika, fortel politiadvokat Rudolf Christoffersen.

Foto: Trude Bakke / NRK

– Det har vore auka tilfang av born som vert smugla inn til europeiske land. I tillegg til prostitusjon vert dei brukt til tvangsarbeid, tigging og annan kriminell verksemd.

Politiet har brukt lang tid på saka, men har avslutta etterforskinga for å finne ut kva som hendte med tiåringen. I dag lever Martha i ein fosterfamilie ein annan plass i Noreg.

Redd Barna: – Kynisk og forferdeleg

Flest born vert tekne med frå Afrika til Europa. Politiet veit ikkje kor mange born det gjeld, men ifølgje Redd Barna dreier det seg om fleire titals born årleg berre i Noreg.

At talet aukar er skremmande, seier rådgjevar i Redd Barna, Anne Kristine Iván.

– Det er kynisk og forferdeleg utnytting av born på den grovaste måten. Dette øydelegg barndomen til borna, og det bryt med born sine rettar, seier ho til NRK.no.

I Hordaland har politiet satsa særskild på å nedkjempe menneskehandel. Den såkalla Exit-gruppa i hordalandspolitiet har ført fleire saker mot folk som smuglar andre her til landet for å utføre kriminalitet.

Tre store saker dei siste åra

Etter innsatsen dei siste åra har politiet vunne fram og fått domfelling i tre større menneskehandel-saker.

I den siste vart seks personar frå Romania dømde for grov menneskehandel og for å ha utnytta born mellom 13 og 17 år.

Saka, som er den største menneskehandel i noregshistoria, vart i sommar anka til lagmannsretten etter domfelling i tingretten.

Skal ein få bukt med dette må fleire politidistrikt auke kompetansen på menneskehandel, slik Hordaland har gjort. For andre politidistrikt har framleis ein long veg å gå, meiner Christoffersen.

Trur på liknande saker i heile Noreg

– Eg trur at det er ein stor mangel på kunnskap og kompetanse. Per i dag er det stort sett berre Oslo og Bergen som har politidistrikt som har vore i stand til å identifisere menneskehandelsaker og føre dei for domstolane, seier Christoffersen.

For politiet kunne ha avdekt langt fleire saker, trur politiadvokaten.

– Eg er ikkje i tvil om at det er andre born i Noreg, som har blitt smugla inn og blitt offer for menneskehandlarar.

Dei blir utnytta på ulike måtar, som mindreårige som blir brukt til prostitusjon. Det har vi hatt saker på i Bergen, men eg er heilt sikker på at det også er mange liknande saker andre stader i landet, seier Christoffersen.