Hopp til innhold

– Tusen takk for tilliten

GRAND SELSKAPSLOKALER, BERGEN (NRK): Martin Smith-Sivertsen blei tysdag kveld valt til ny byrådsleiarkandidat for Bergen Høgre. Han fekk 103 stemmer mot 66 til Ragnhild Stolt-Nielsen.

– Det følast veldig flott og ærerikt å få eit sånt verv for Høgre i Bergen. Eg hadde håpa at eg ville vinne, og eg er glad for at eg vant med så stor margin, seier Martin Smith-Sivertsen like etter møtet.

Det vart gitt 171 stemmer, ei stemme var blank, og det ei stemme vart forkasta. Smith-Sivertsen fekk 103 stemmer mot dei 66 Stolt-Nielsen fekk.

– Det er klart at på ein sånn dag så føler ein noko vonbrot, men samtidig så er eg glad for at Martin vant med så stor margin, for han treng partiet si støtte i den jobben han no skal fatt på, seier Stolt-Nielsen etter valet.

Trude Drevland vart utnemnt til ordførarkandidat for partiet.

– Partiet har vist veg og sett Trude og meg på toppen av lista, og eg trur me blir eit godt team før valkampen, seier Smith-Sivertsen.

Martin Smith-Sivertsen ble tirsdag kveld valgt til ny byrådslederkandidat for Bergen Høyre.

SE INTERVJUET: Martin Smith-Sivertsen blei tysdag kveld valt til ny byrådsleiarkandidat for Bergen Høyre.

Takka Stolt-Nielsen

Kaffipause

KJAPP OPPTELJING: Ein liten kaffipause på møtet, og så var stemmene telt opp, med eit klart fleirtal til vinnaren. Næringsminister Monica Mæland forsyner seg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Victor Norman talte for Stolt-Nielsen på møtet, medan Lise Hammersland Mjelde, leiar i Hordaland Unge Høgre, talte for Smith-Sivertsen.

Då stemmene var telt opp, takka vinnaren den sitjande byrådsleiaren.

– Eg vil takke Ragnhild Stolt-Nielsen. Måten ho har handtert denne prosessen på er forbilledleg, seier Martin Smith-Sivertsen.

Til dette fekk han ståande applaus, og han snakka så om prosessen for partiet vidare.

– No gjeld det å ruste seg opp til valkampen 2015. Vi var delt i dag, men frå no er vi eitt Høgre, eitt team som skal vinne valet i 2015. Atter ein gong, tusen takk for tilliten, seier Smith-Sivertsen frå talarstolen.

– Open prosess

Smith-Sivertsen la særskilt vekt på prosessen partiet har hatt når det gjeld nominasjonen, og at denne har vore veldig open.

– Det har vore mogeleg for partiet sine medlemmer å sette seg inn i kva de ulike kandidatane representerte, og det har vore opne diskusjonar fullt opne i media, seier han.

– Eg trur det er eit sunnheitsteikn for demokratiet, spesielt når det dreier seg om eit stort og leiande parti i ein by som Bergen, legg han til.

– Kva har skjedd i kulissane? Kvifor vinn du?

– Kulissane og kulissane, alt som har vore i kulissane kan du lese om i avisa. Så det har vore ein veldig open prosess, seier Smith-Sivertsen.

Stolt-Nielsen trekk seg

Ragnhild Stolt-Nielsen

GODT HUMØR: Sjølv Ragnhild Stolt-Nielsen fekk minst stemmer på nominasjonsmøtet, så var ho i godt humør. Ho bekreftar at trekk seg som byrådsleiar etter nominasjonen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Stolt-Nielsen var ikkje overraska etter valet, og støttar opp om valet til partiet hennar.

– Det har blåst eit ynskje om forandring gjennom partiet, og det har partiet no fått, og da er det viktig at partiet samlar seg om den kandidaten de har peikt på, sa ho.

Ragnhild Stolt Nielsen bekrefta etter møtet at ho trekk seg som byrådsleiar.

– Vi har eit parlamentarisk system, og det er basert på at ein har tillit. Eg har fungert som partiet sin byrådsleiar, og når dei no har peikt på ein annan, så er det naturleg for meg å melde min avgang, men det er jo ikkje noko ein gjer på eit partimøte, sa ho.

– Det skal sendast et brev til ordførar om at eg melder min avgang, det skal sonderast mellom gruppeleiarar og det skal dannast et nytt byråd. Og fram til det er i stand, er eg framleis byrådsleiar.

– Det må nesten vera hennar val, svarar Smith-Sivertsen.

– Då vil eg i tilfelle tiltre som ny byrådsleiar i Bergen.

Martin Smith-Sivertsen vant mot Ragnhild Stolt-Nielsen i valet om kven som skal bli Bergen Høgre sin byrådsleiarkandidat til kommunevalet neste år.

FLEST STEMMER: Martin Smith-Sivertsen fekk 103 stemmer mot 66 til Stolt-Nielsen.

Spente før møtet

Martin Smith-Sivertsen var spent før møtet, og han sa han var nøgd med at partiet har hatt ein open prosess rundt valet.

– Dette er jo nominasjon av byrådsleiarkandidat for 2015, og eg er jo veldig nøgd med at partiet har hatt ein open prosess rundt dette, og eg synst det er bra at det er fleire kandidatar, sa Smith-Sivertsen før nominasjonsmøtet.

– Eg kjem til å gjere ting på min måte om eg vinn, og då er eg opptatt av å ha eit samla parti og eg vil jobbe for å få til eit breitt og godt borgarleg samarbeid før neste valperiode, sa han.

Ragnhild Stolt-Nielsen var klar på kva som kom til å skje dersom ho ikkje vart nominert.

– Viss det er sånn at partiet gir tillit til ein annan, så har eg full respekt for det, og eg må ta dei parlamentariske konsekvensane det har, med dei formelle prosedyrar som høyrer til, sa ho.