NRK Meny
Normal

Smith-Sivertsen frontar årets TV-aksjon

Til vanleg styrer han Bergen. No skal byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) også leie aksjonskomiteen i Hordaland under TV-aksjonen 2015.

Martin Smith-Sivertsen

TV-AKSJONEN: Byrådsleiar i Bergen Martin Smith-Sivertsen (H) skal jobbe for å skaffe bøssebærarar til årets TV-aksjon.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Inntektene frå årets TV-aksjon skal gå til Regnskogfondet og deira arbeid med å bevare regnskogen i fleire større område i Brasil, Peru, Kongo og Ny-Guinea.

Regnskogen

REGNSKOGEN: 50 – 80 prosent av verdas dyre- og planteartar finst i regnskogar kring om i verda, ifølgje Regnskogfondet.

Foto: Thomas Marent

Ifølgje Regnskogfondet er verdas regnskogar halvert sidan andre verdskrig. I 1945 var 13 prosent av jorda dekt med regnskog. Nedhogging av skogen har redusert området til seks prosent.

Regnskogen er typisk eit felt der kloden vår er avhengig av at ein ikkje ytterlegare reduserer regnskogen. Og då må ein gjere det som er nødvendig for at det skjer. Der har me nordmenn tradisjon for å gje mykje, og det må me klare i år også, seier Martin Smith-Sivertsen (H), som er hanka inn til å leie aksjonskomiteen under årets TV-aksjon.

LES OGSÅ: – Kvar av oss et fire kvadratmeter regnskog kvart år

Skal berge 440 000 km²

Målet for årets TV-aksjon er å samle inn nok pengar til å berge eit område som svarar til størrelse på Danmark og Noreg, eller 28 gonger Hordaland, fortel Laila Melkevoll, TV-aksjonsleiar i Hordaland.

Laila Melkevoll og Martin Smith-Sivertsen

TV-AKSJONEN 2015: Fylkesaksjonsleiar Laila Melkevoll og byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H).

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– I regnskogen er det eit enormt artsmangfald av plantar og dyr. Ein reknar med at mellom 50 og 80 prosent av alle verdas artar og dyr finst i regnskogen. Det er ein av hovudgrunnane til at den må bli bevart, i tillegg til alle menneska som bur der.

For å kjempe mot nedhogginga jobbar Regnskogfondet mellom anna med å støtte dei som bur i og lever av Regnskogen, til å verne om sine rettar. Advokatbistand, utvikle alternative inntektsvegar, utdanning og skogovervaking er blant tiltaka inntektene frå TV-aksjonen skal gå til.

LES OGSÅ: Narkokarteller har overtatt den ulovlige regnskoghogsten i Peru | Over sju milliarder samlet inn

Trenger 6500 bøssebærarar

Martin Smith-Sivertsen (H) skal leie ein komite som skal mobilisere bøssebærarar til innsamlinga søndag 18. oktober.

Paragominas i Brasil

BRASIL: Her driv arbeidarar hogst i regnskogen i Paragominas i Brasil.

Foto: Vibeke Røiri / NRK

– I tillegg til arbeidet på bakken, jobbar ein politisk i dei landa som disponerer regnskogen. For eksempel for å få fleire reservat, for å styrke urfolk sine rettar og territorium, og for å overvake og avdekke korrupsjon. Det er eit viktig arbeid, seier han.

Arbeidet med å skaffe bøssebærarar til TV-aksjonen er no i gang. TV-aksjonen trenger 3000 bøssebærarar i Bergen og 6500 totalt i Hordaland.

LES OGSÅ: Alt om TV-aksjonen her

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.