Smilande dirigent tar fire nye år

Sjefdirigenten blir skulda for å ha eit ufordrageleg godt humør. No har han skrive under for fire nye år.

Video Sjefdirigent Andrew Litton i Bergen Filharmoniske Orkester

Litton pendlar mellom Bergen og USA, men verken reising, jetlag eller andre ting ser ut til å virka inn på humøret.

– Han har alltid eit ufordrageleg godt humør, seier Per Hannevold, som spelar fagott i orkesteret.

Denne veka blei Andrew Litton overraska med kake, både som takk for innsatsen dei siste åtte åra, men aller mest fordi han no lovar å bli i Bergen i fire år til.

Den nye kontrakten gjeld til og med 2015. Då fyller orkesteret 250 år, og Litton seier han alt er i gang med å tenkja på jubileet.

NRK skreiv at det var ein svært nøgd orkesterdirektør Lorentz Reitan som kunne offentleggjera tilsettinga av Litton i oktober 2001.

Andrew Litton

Denne veka blei Andrew Litton overraska med kake.

Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

Siste video

Å gå på teater, er ikke så enkelt for gamle og syke. Men Riksteateret vil likevel nå disse, og teknologien gjør det mulig.
Elever ved Sandsli videregående skole har bestemt seg for å fullføre elevinspektørens mål om 100 turer på Gullfjellet dette året. Denne uken gikk de den første turen.
Kjartan Sekkingstad møtte norsk presse på Gardermoen i dag, se hele pressekonferansen her.