Smil og latter før skjebnekvelden

– I kveld kan det bli skrive parlamentarisk historie. Det kan bli fyrste gong eit parti går mot sin eigen byrådsleiar, seier Ragnhild Stolt-Nielsen.

Ragnhild Stolt-Nielsen jublet sammen med barn fra International School of Bergen over at skolen nå får nye lokaler. Men senere i kveld kan hennes eget parti ta fra henne jobben som byrådsleder.

SJÅ VIDEO: Ragnhild Stolt-Nielsen fortalde i dag at International School of Bergen snart får flytta inn i dei gamle lokala til lærarhøgskulen på Landås.

Arbeidsdagen starta med glede og latter for Høgre sin byrådsleder i Bergen i dag, då ho ved ellevetida kunne fortelja at International School of Bergen får sårt tiltrengde nye lokale i den gamle lærarskulen.

Det kan ha vore ein av dei siste gongene ho representerar det offentlege Bergen. For fyrste gong kan ein byrådsleiar bli felt av sitt eige parti for open scene.

Martin Smith-Sivertsen

TRULEG NY SJEF: Martin Smith-Sivertsen er innstilt som ny kandidat til jobben som byrådsleiar i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Eg søv alltid godt

I kveld klokka 19:00 skal Høgre si nominasjonsmøtet avgjere om det er den sitjande byrådsleiaren Ragnhild Stolt-Nielsen eller motstandar Martin Smith-Sivertsen som skal styra Bergen. Ein lang kamp om makta i Bergen Høgre når sitt klimaks.

– Har du sove godt i natt?

– Eg søv alltid godt. Kort, men godt, seier Stolt-Nielsen til NRK kort etter at pressekonferansen på den internasjonale skulen er over.

– Korleis har du forebudd deg på denne dagen?

– Eg er byrådsleiar og har ein travel dag foran meg, seier ho og ramsar opp ei rekkje gjøremål utover dagen.

– Kan bli skrive parlamentarisk historie

Men det er liten tvil om kva ho meiner om prosessen som får sin slutt i kveld, kor alt tyder på at partiet hennar vel ein annen til å ta over jobben som byrådsleiar.

– I kveld kan det bli skrive parlamentarisk historie. Med det meiner eg at det er fyrste gong det skjer at eit parti går mot sin eigen byrådsleiar, seier Ragnhild Stolt Nielsen.

Seks av sju i nominasjonskomiteen i Bergen Høgre har støtta Smith-Sivertsen som ny byrådsleiar. Om han får fleirtal også i kveld, er Stolt-Nielsen sine dagar som byrådsleiar i Bergen talde.

Det er få politiske skilnadar mellom Smith-Sivertsen og meg

Ragnhild Stolt-Nielsen

Den sitjande byrådsleiaren har heile tida vore klar på at ho kjem til å trekkje seg frå jobben om ho ikkje har tillit i partiet.

– Temperaturen kan vere ganske høg

Politiske forskarar meinar at prossesen i Bergen Høgre er oppsiktsvekkande. Men Stolt-Nielsen meiner ikkje at ho har blitt utsett for ein urettferdig prosess.

Mæland og Stolt-Nielsen

HANDPLUKKA: Ragnhild Stolt-Nielsen vart handplukka av noverande næringsminister Monica Mæland (H) til å ta over jobben som byrådsleiar då Mæland vart statsråd.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Nei det har eg ikkje, men det er klart at det er ein heilt ny prosess fordi det er første gang dette skjer. Men eg synest partiet har takla prosessen på ein god måte, seier Stolt-Nielsen.

– Kva er det som har ført til denne uvanlege og historiske situasjonen, og kva politiske tabbar har du gjort det siste året som gjer at du bør bli kasta?

– Det skal jo ikkje stikkast under ein stol at temperaturen i Bergenspolitikken kan vere ganske høg. Spesielt har det vore høgt då vi skulle prøve å leggje bybanetrasse frå sentrum og nordover til Åsane. Dette blei ein forrykande debatt prega av sterke kjensler, og det er nok det som mest heftar ved meg, seier Stolt-Nielsen.

– Har du leia den prosessen på ein god måte?

– Det kan sikkert vere ulike meiningar om det, men mitt utgangspunkt var at det var viktig å få lagt ein trase som i størst mogleg grad kunne betene Bergen og Åsane, seier byrådsleiaren.

Små skilnader mellom kandidatene

Stolt-Nielsen og Smith-Sivertsen var i debatt førre veke. Den syna relativt små politiske skilnader mellom kandidatene og som viste at dei to delte mykje av dei same standpunkta.

– Det er heldigvis få politiske skilnadar mellom Smith-Sivertsen og meg. Vi høyrer jo til i same parti, så det er nok ulike synspunkt på kven som er best eigna til å leie partiet fram mot ein valsiger i 2015, seier Stolt-Nielsen.

Handshake mellom Stolt-Nielsen og Smith-Sivertsen

AVGJERD I KVELD: Martin Smith-Sivertsen og Ragnhild Stolt-Nielsen under debatt i forrige veke.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– Økonomien i Bergen er nærmast skakkøyrt og byrådssamarbeidet havarerte i fullt kaos kring bybanen. Har det vore god leiarskap frå Høgre og frå di si side?

– Eg stiller meg heilt uforståande til at økonomien i Bergen skal vere skakkøyrt. Det er den overhovud ikkje. Vi har store planar og store investeringsprosjekt og vi har framleis ein sunn økonomi, seier ho.

– Men dykk måtte innføre eigedomsskatt?

– Det er fordi at bergensarane må ta ansvar for dei problema vi har knytt til skulebygg og vi meiner det viktigaste vi kan gjera no er å sikra gode skulebygg.

Krev hurtige løysingar

Stolt-Nielsen vart ganske raskt byrådsleiar i fjor haust då Monica Mæland vart henta inn i regjeringa.

– Prosessen var rask fordi byen stod utan byrådsleiar. Sjølvsagt meiner nokon at ting burde bli gjort på ein annan måte og då kan det hende situasjonen ville sett annleis ut, men hurtig skiftingar krev hurtige løysingar, meiner Stolt-Nielsen.

– Kan det som skjer i kveld i verste fall ødeleggje partiet sin situasjon i byen etter ditt syn?

– Nei, det trur eg ikkje, for vi har kvar tredje veljar i ryggen i Bergen. Uansett om partiet velje Smith-Sivertsen eller meg, så er det viktig for oss at vi sikrar eit breitt borgarleg samarbeid for ein framleis god styring av byen, seier ho.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.