NRK Meny
Normal

Kystpartiet: – Vi hadde vore like store som KrF med mediedekning

Småpartia gir media skulda for at dei har mikroskopiske sjansar til å bli representerte på Stortinget. – Dekninga av valet eit demokratisk problem, seier listetopp.

Kystpartiet på stand i Bergen

PÅ STAND: Toppkandidat og grunnleggar Steinar Bastesen var i Bergen og stod på stand med Hordalands andrekandidat, Kurt Pedersen. Sistnemnde meiner han blir utestengd.

Foto: Atle Johannessen / Folkeaksjon mot flere bompenger i Bergen

Val

– Moglegheitene for eit lite parti å nå fram, både i tabloide medium og på fjernsynsskjermen, er nesten heilt umogleg små, fastslår Kurt Pedersen.

Andrekandidaten til Kystpartiet i Hordaland meiner media bevisst stenger ute dei små partia. Han er sikker på at folk hadde omfamna bodskapen til partiet, om dei berre hadde fått høyra han.

Eit søk i arkivtenesta til Retriever viser at Kystpartiet er nemnd i norske medium 455 gongar dei siste tre månadene. Til samanlikning gir eit søk på Arbeidarpartiet heile 22.041 treff.

– Veljarane er dei største taparane

Til saman er det 24 parti som stiller liste i minst eitt av dei nitten fylka i Noreg dette valet. Kystpartiet er blant dei meir meritterte i den fargerike partipotten.

Dei store partia dominerer avisspaltene og dei nasjonale debattane. Partia som har langt opp til sperregrensa, blir klumpa saman under «andre»-søyla på meiningsmålingane.

Det ergrar kandidaten frå Hordaland, som kallar medieomtalen eit demokratisk problem.

– Det er veljarane som blir «frårøva» informasjon om det me står for. Det er dei som er dei største taparane, eigentleg.

Andre partier

ANDRE: I stortingsvalet i 2013 var partiet De Kristne (0,6 prosent) det største av partia som fell inn under kategorien «andre». Pensjonistpartiet (0,4) og Piratpartiet (0,3) blei også større enn Kystpartiet (0,1, sjå graf).

Foto: NRK

Avisredaktør: – Interessa er for liten

NRK har vore i kontakt med fleire av småpartia, som i stor grad deler frustrasjonen over at det er vanskeleg å nå ut. Men jamt over er dei meir forståingsfulle enn Kystpartiet over at media er nøydde til å velja.

– Dette er vårt første stortingsval, så me venta ikkje å få like mykje plass som dei etablerte. Men når det finst eit parti som har feminisme som si sak, burde me til dømes bli invitert når feminisme er tema, seier talsperson Cathrine Lind Kristiansen i Feministisk Initiativ.

Sjølv om Pedersen i Kystpartiet vil at alle skal få tid i media, er det umogleg, meiner politisk redaktør i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen.

– Viss det er eit ynskje i befolkninga om at eit slikt parti skal veksa fram og bli større, vil me fanga det opp. Men me ser at interessa blant folket er veldig, veldig liten. Då prioriterer me å gi mest og best mogleg informasjon om dei partia som er etablert, slik at folk er best mogleg informert før valet.

Garanterer suksess med meir medieomtale

Pedersen meiner media stoppar Kystpartiet frå å vera ein maktfaktor i norsk politikk.

Kystpartiet

KRITISK: Andrekandidat og styremedlem i Kystpartiet i Hordaland, Kurt Pedersen.

Foto: Runa Victoria Engen

– Viss me hadde blitt likebehandla når valkampen starta for tre månader sidan, hadde me vore på storleik med Kristeleg Folkeparti. Garantert.

– Korleis kan du garantera det?

– Det kan eg garantera på bakgrunn av publikumsavstemmingar etter dei få debattane ein har fått vera med på og responsen i andre paneldebattar. Det kan ein måla av applausen i salen.

Ved førre stortingsval fekk Kystpartiet 0,1 prosent av stemmene, både nasjonalt og i heimfylket til Pedersen.

Siste video

13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.
 Programleder Mariann Reikerås