Hopp til innhold

Småbarnsfar (30) døydde under trefelling

Politiet frigir namnet på mannen som døydde då han skulle rydde traktorvegen heime i Ullensvang. Måndag besøkte arbeidskameratane ulukkesstaden.

ullensvang

I 12-tida påskeaftan fekk naudetatane melding om ei alvorleg ulykke på Bjotveitneset i Ullensvang i Hardanger.

Luftambulansen var mellom dei som rykte ut, men livet til mannen stod ikkje til å redde.

Politiet går no, i samråd med dei pårørande, ut med namnet på den omkomne; Svein Flåte Huus (30).

Huus var frå og budde på Bjotveitneset. Han etterlét seg to små born.

– Tungt

30-åringen arbeidde i fleire år som maskinførar i Folgefonn Entreprenør.

Andre påskedag var dagleg leiar Oddmund Skeie og fleire av kollegaane i den vesle bedrifta på besøk hjå familien, og fekk sjå ulukkesstaden.

– Det er klart det er tungt, seier Skeie.

Han fortel at ulukka skjedde då Huus skulle fjerne eit tre som hadde falt over ein traktorveg, saman med eit familiemedlem. Huus fekk treet over seg.

– Det var ein rotvelt han skulle ordne opp i. Dei skulle setje opp eit sauegjerde, og dette treet låg i vegen, fortel Skeie.

– Veldig positiv

Det var familien som varsla naudetatane. Laurdag ettermiddag var alle dei næraste familiemedlemmane varsla om dødsfallet.

Det er oppretta ei minneside for småbarnsfaren på Facebook, og Skeie fortel at han og dei tilsette minna sin tidlegare kollega før dei starta arbeidsdagen tysdag.

– Han var ein veldig positiv og grei person å ha i arbeid, fortel Skeie.

Lensmannen i Hardanger, Terje Kvalvik, seier til NRK at saka framleis er under etterforsking, og at han difor ikkje ønskjer å kommentere ho no.