Hopp til innhold

Småbarnsfamilie går 100 turar på eit år

Ingebjørg Nondal Eitrheim og familien går 100 turar på eit år. NRK var med dei ut på tur nummer 87.

Nondal Eitrheim

UTELIV: Her er Ida ute på tur i skogen. Slike turar har det blitt mange av i år. 100 turar skal familien gå før 2014 er omme.

Foto: Ingebjørg Nondal Eitrheim

Saman med mannen Torgeir, og ungane Ida, Andreas og Ida har Ingebjørg Nondal Eitrheim sett seg eit mål om å gå 100 turar i 2014.

Med emneknaggen #utetid14 kan ein følgje familien frå Odda på både korte og lengre turar.

Nondal Eitrheim

UTEKOS: – Det er slitsamt å gå oppover, men det er kjekt å komme opp, seier Andreas.

Foto: Tale Hauso / NRK

– I førre veke såg eg at min emneknagg hadde 4600 innlegg, medan Fotballfrue, Noregs største bloggar, hadde 3800. Så min vesle blogg har skapa meir engasjement på Instagram og det er kjekt.

– Uteliv til folket, framfor fokuset på utsjånad, seier Ingebjørg.

– Blir dårleg stemning av mykje innetid

Nondal Eitrheim

TUR NR. 87: Frå venstre Ida, Andreas, Ingebjørg, Ingrid og Torgeir.

Foto: Tale Hauso / NRK

Etter at Ingebjørg fekk barn vaks det fram ein lengsel etter å vere meir ute.

– I mange småbarnsfamiliar blir det gjerne mykje iPad, smartelefonar og TV. Vår familie var ikkje noko unnatak, seier Ingebjørg.

I romjula i fjor tenkte ho at ho måtte gjere noko for å få bukt med skjermtida.

– Det er behageleg for oss å la ungane få spele, men det blir jo ikkje sunt og det blir dårleg stemning i heimen med så mykje innetid.

Familien sette seg som må å vere meir ute. 100 turar skulle dei på, både korte og lengre turar tel med.

– Det aller viktigaste er å senke lista og berre gå ut. Det er kaotisk og rotete å komme seg over dørstokken, men i det me er ute skjer det nesten noko magisk. Er me trøytte og sure eller kranglar, endrar det seg når me kjem ut.

LES OGSÅ:

Ingrid og Andreas Nondal

SKAL GÅ 100 TURAR: Ingrid og Andreas trur dei skal klare målet om å gå 100 turar før nyttår.

Foto: Ingebjørg Nondal Eitrheim

Tips for å få med ungane ut

Nokre triks har dei likevel i ermet.

– Turgøymsel er sånn at den som har han den må gå, og dei andre spring fram og gøymer seg. Det er mamma som har an, seier Andreas.

Familien planlegg turbingo, eller jaktar på kongler eller pinnar.

– Det viktigaste er å vere ute. Det er lett å tenke at det skal vere så vanskeleg å få med seg ungar ut på tur. Men me har innsett at ungane finn på ting av seg sjølv når me er ute. Skogen er jo verdas største leikeplass, og dei aktiviserer seg sjølv.

LES OGSÅ:

Blir ambassadørar for friluftslivsåret

Andreas Nondal

SKOGEN: Turgøymsel er ein av aktivitetane familien gjer ute i skogen. Her er Andreas ute på tur nummer 87.

Foto: Tale Hauso / NRK

Både Andreas, Ida og Ingrid tykkjer det er kjekt å ver ute, men litt hardt er det av og til å komme seg ut.

– Det er kjekt å å frisk luft. Det er slitsamt å gå oppover, men det er kjekt å komme opp.

Også for dei to vaksne i heimen kan dørstokkmila også vere tung å komme over.

– Av og til er det ikkje berre, berre å komme heim frå jobb og komme seg ut. Men når me er ute er det ok. I byrjinga verka 100 veldig mykje, men no trur eg me kjem i mål, seier Torgeir.

Neste år skal familien vere ambassadørar for friluftslivet år til neste år.

– Då skal me halde fram med å inspirere til å ta i bruk naturen i nærmiljøet. Me skal halde fram med å gå turar og inspirere andre til å gjere det same.

LES OGSÅ: