Hopp til innhold

Småbankane satsar der dei store stenger ned

LEIRVIK (NRK): Dei store nedbemannar og stenger filialar. Småbankane går mot straumen, med stor suksess. – Nærleik mellom menneske er framleis viktig, fastslår NHH-professor.

Dag Sandstå og Arnold Holmedal

NY FILIAL: Dag Sandstå (t.v.) skal etablere ny bankfilial på Stord. Arnold Holmedal vil gjerne ha han som leigetakar. – Det som er fint, er at hurtigbåten frå Kvinnherad kjem inn her. Så då er det lett for våre tilsette å reise mellom kontora våre når det er behov for det, seier Sandstå.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Herifrå har ein kontroll på heile hamna. Det er berre å vinka kundane inn frå båtane, reklamerer Arnold Holmedal.

Byutviklaren har ledige lokale i bygget i Leirvik sentrum på Stord. No gjer han sitt beste for å lokke banksjef Dag Sandstå til å opne filial i bygget.

Tysnes Sparebank skal faktisk utvide, i ei tid der meldingar om nedlegging pregar bransjen. Sist ut var DNB, som kuttar 59 filialar og 600 tilsette, og Sparebanken Vest, som fjernar ni filialar og 100 årsverk.

Medan Finanstilsynets ferske resultatrapport for 2015 syner ein svak tilbakegang i norsk banknæring generelt, kan Sandstå sjå tilbake på det beste resultatet i Tysnes Sparebank si 153 år lange historie.

I 2015 opna banken to nye filialar, og fekk 500 nye kundar.

– Det vi gjer, er å etablere det gode, gamle lokalbank-konseptet. Når konkurrentane blir meir og meir sentraliserte, gir det ein god marknad for ein liten lokalbank, seier banksjefen.

Renessanse for dei små

Når stadig fleire brukar nettbank, legg dei store bankane ned filialar. Det gir vekst for dei små.

– Eg vil nesten seie at det har blitt ein renessanse for små, lokale sparebankar, seier Sandstå.

Dag Sandstå, Tysnes Sparebank

TO NYE FILIALAR: Hausten 2014 fortalde Dag Sandstå til NRK at Tysnes Sparebank skulle selje «folkeaksjar» for å få råd til å ekspandere. Det verka. I fjor etablerte banken nye filialar på Husnes og i Bergen.

Foto: Privat

– Ja, det har det faktisk, konstaterer Tor Wallin Andreassen, professor ved NHH.

– Når dei store trekk seg ut, kan dei lokale bankane ta dei kundane som ikkje føler seg godt betent. Med nærleik, kundekontakt og kunnskap om lokalmarknaden, får dei eit heilt anna grep om kundane sine. Det ser vi over heile Noreg, seier Andreassen.

Tilgjengelegheit og låg rente

Når NRK spør folk på gata i Leirvik kva dei synest er viktig i val av bank, går to ting att i svara – tilgjengelegheit og låg rente:

«Det er jo viktig at renta er låg, då. Og at dei er kjekke, dei du skal snakke med».

«At dei er tilgjengelege. Ikkje minst når det gjeld rådgivning».

«God tilgjengelegheit. Og hvis dei i tillegg har ei fantastisk låg rente, då er det jo inga tvil».

Betaler for personleg kontakt

Svara frå folk på gata ville vore annleis i Oslo og Bergen, trur NHH-professoren.

– I storbyane er livsstilen prega av framandgjering. I mindre lokalmiljø er nærleik mellom menneske framleis viktig. Folk på mindre stader ønskjer i større grad å snakke med nokon når det gjeld tenester som lån og arveoppgjer, til dømes, seier Andreassen.

Politiuniform

– Alt som kan bli digitalisert, vil bli digitalisert, fordi Noreg har veldig høge lønskostnader, og bankane tener på å erstatte menneske med teknologi, seier Tor Wallin Andreassen, professor ved NHH.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Fordi dei regionale bankane blir pressa av dei nasjonale på prisar, og no også frå dei lokale på nærleik, trur Andreassen det er dei som vil slite mest dei næraste åra. Det vil gå betre for dei små – i alle fall i overskodeleg framtid.

– Utanfor storbyane er det framleis betalingsvilje for personleg kontakt. Så strategien med å ta posisjonar i lokalmiljøa er veldig riktig no. Men om det er riktig om 10-15 år, er heilt avhengig av kor langt teknologien er komen, seier professoren.