Hopp til innhold

Låg straumpris gjev småkraft-krise

Mange planar om nye småkraftverk blir lagt på is på grunn av den låge straumprisen. – Dei som har bygd slit med å tene inn investeringa, fortel Rein Husebø i selskapet Småkraft.

Småkraftverk

MANGE LEGG VEKK PLANANE: Mange som har konsesjon til å byggje kraftverk legg vekk planane. I elva Gjøno i Fusa er røyra til det nye småkraftverket nesten på plass. Her håpar kraftlagsdirektøren at kraftverket vert ei god investering på lang sikt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– På fem år så har det gått frå super optimisme til betydeleg nøktern stemning når det gjeld val av prosjekt, seier Bernt Grimstvedt i det lokale kraftlaget i Fusa.

Kraftlagsdirektøren er ein av mange som merkar at stemninga kring småkraftverka har snudd heilt. Økonomien har kollapsa, og årsaka er at straumprisen er venta å halde seg låg i mange år.

fusa

USIKKERT: Bernt Grimstvedt i det lokale kraftlaget i Fusa seier at utbygging av småkraftverk har gått frå super optimisme til betydeleg nøktern stemning.

Foto: Oddgeir Øystese

Utbyggar risikerer store tap

– Vi er usikre på korleis det blir framover, mange av dei som har bygd tidlegare slit kraftig økonomisk no, seier Rein Husebø som er sjef i Småkraft, eit selskap som driv mellom anna Tveitaskaret kraftverk i Øvre Hålandsdalen i Fusa.

Dei merkar priskollapsen, men det er verst for grunneigarar som på eiga hand har gjort store investeringar i småkraftverk.

– Det er folk som har bygd småkraftverk med 100.000 kroner i eigenkapital og 50 millionar i gjeld, og det er klart at med den gjelda så går det rett i botn, seier Husebø.

Risikerer å gå med tap

Mange som har konsesjon til å byggje kraftverk legg bort planane, og mange av dei som allereie har bygd risikerer å gå med tap. I elva Gjøno i Fusa er røyra til det nye småkraftverket nesten på plass. Her kan Grimstvedt berre håpe at dette kraftverket vert ei god investering på lang sikt.

Småkraftverk Fusa

RISIKERER STORE TAP: Straumprisen øydelegg for småkraftverk og mange planar om nye kraftverk blir lagt på is.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Styret i Fusa kraftlag avslo å delta i nye prosjekt. Lønnsemda er dårleg i alle fall på kort sikt og vi ønskjer ikkje å ta altfor stor risiko, seier Grimstvedt.

Strengare krav

NVE skal i løpet av sommaren finne ut kor mange konsesjonar som ikkje vert brukt. Det er truleg mange på grunn av lågare priser og at bankane er strengare på krava til eigenkapital.

– Om du ser på Europa så treng vi å kvitte oss med kullkraftverk og forureinande kraft. I det store perspektivet, så treng vi meir fornybar energi, seier Husebø.