NRK Meny
Normal

Gjekk ut av BKK - no har Fusa betre breiband enn Bergen

– Vi har ikkje eigarar som krev at investeringane skal gi maksimal avkasting, seier kraftsjefen i Fusa. Medan Bergen kommune og Statkraft skrinla BKK sine fiberplanar i bergensområdet, har små kraftlag satsa stort på fibernett.

Erling Syvertsen

VIKTIG SATSING: Administrerande direktør i Fusa kraftlag, Erling Syvertsen, syner fram dei verdifulle fiberstråa som er så viktige for breibandshastigheiten. Kraftlaget har brukt over 70 millionar kroner på fibernett, og angrar ikkje.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Arvid Johnsen

BEST PÅ LANDET: Breibandet er langt betre på jobben i Fusa enn heime på Nesttun, seier Arvid Johnsen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Dermed har kommunar som Fitjar, Fusa og Bømlo nærast sikra dekning til alle innbyggjarane sine, samstundes som Bergen heng etter. I 2002 vart Fusa kraftlag skild ut av BKK, men i dag har kommunen likevel så å seie full fiberdekning.

Faktisk har dei betre breiband i Fusa enn i Bergen, ifølgje Arvid Johnsen. Han bur på Nesttun i Bergen, men jobbar i Standvik i Fusa, der breibandet er langt raskare enn i heimen.

– Det er jo faktisk litt tragisk. Om eg skal jobbe heimanfrå har eg avgrensingar, og det skulle ein eigentleg ikkje trudd, seier Johnsen.

Breiband for over 70 millionar

Erling Syvertsen

ANGRAR IKKJE: Administrerande direktør i Fusa kraftlag, Erling Syvertsen, meiner fibersatsinga er viktig for lokalsamfunnet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Dei siste åra har Fusa kraftlag rulla ut kilometer på kilometer med fibernett. I dag er det berre nokre få hytter og hus som ikkje har tilgang til uavgrensa med datafart. Administrerande direktør i kraftlaget Erling Syvertsen har brukt over 70 millionar, og han har aldri angra.

– Vi ser det først og fremst som eit bidrag til å utvikle samfunnet som vi er ein del av. I full vissheit om at vi sannsynlegvis ikkje får god løn for det, men over tid så reknar vi med å få pengane igjen. Fusa er jo ein veldig vidstrakt kommune, seier Syvertsen.

Det er no 14 år sidan kraftlaget vart skild ut av BKK. Syvertsen meiner det av og til kan vere ein fordel å vere liten og lokal.

– Vi har ikkje eigarar som krev at våre investeringar skal gi maksimal avkasting, seier han.

– Kjekt å vere betre enn sentrum

Også Nils Gunnar Gloppen og Finnås kraftlag på Bømlo er kry over å ha greidd det som store BKK ikkje har våga. Også her har alle tilgang til infrastrukturen berre 20 prosent i Hordaland totalt, har tilgang til.

– Det er jo litt kjekt at vi på den ytste, nakne øy på Bømlo kan levere breiband med høgare hastigheit enn sentralt i Bergen. Vi har fem millionar i driftsresultat og det er vi nøgd med, seier Gloppen.

For distriktskommunane har breibandutbygginga vore viktig å prioritere. Appar, digitale arbeidsteikningar og 3D-modellar har vorte ein naturleg del av byggmeisterverksemda Leigland bygg på Strandvik i Fusa.

Dagleg leiar Mikal Leigland er klar på at krafttaket frå kraftselskapet er avgjerande for at bedrifta ikkje har flytta på seg.

– Vi hadde ikkje hatt nokon moglegheit til å vere i Fusa, og drive den verksemda vi driv i dag, om vi ikkje hadde hatt den elektroniske tilknytinga som vi har.

(Saka held fram under biletet).

Mikael Leigland

AVGJERANDE: For Mikal Leigland og Leigland bygg på Strandvik i Fusa betyr breiband alt for at bedrifta kan halde på som dei gjer i dag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Fornuftig av småaktørane

– For vår evne til å produsere tenester på ein effektiv måte, så er tilgang til breie breibandlinjer veldig viktig. Og det er også i ferd med å bli veldig viktig for livskvaliteten til folk, og då tenkjer eg særleg på evna til å kunne jobbe heimanfrå, men også å bruke nye underhaldningstenester som er i ferd med å komme.

Det seier Harald Wium Lie i rådgjevingsselskapet Nexia. Han meiner løfta dei små aktørane gjer kan bli gull verd på sikt.

– Eg trur det er utruleg viktig at mindre kommunar tenkjer på den måten. Der er det vanskeleg å byggje breibandsnett ut frå reine bedriftsmessige omsyn, men ut frå eit samfunnsøkonomisk omsyn trur ein at ein vil sjå at det kan vere fornuftig å gjere det også på mange plassar.

Bremsa BKK-satsing

Oddvar Nilsen

FORSVARAR UTBYTA: Styreleiar i BKK, Oddvar Nilsen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I store BKK er det andre økonomiske køyrereglar som gjeld. I går fortalde NRK at sidan Bergen kommune og Statkraft skrudde på bremsen for fibersatsinga mot privatkundane i 2009, har kommunale og statlege eigarar tatt ut fem og ein halv milliard i utbyte.

Men styreleiaren i BKK, Oddvar Nilsen, held fast ved at det er rett og rimeleg at eigarane har fått gevinsten.

– Vi må hugse på at desse pengane ikkje går i private lommer. Dei går inn i kommunekassen, og går til sjukeheimsplassar, barnehageplassar og skule. Ein må tenkje litt annleis enn at det er ei rein, privat verksemd, seier Nilsen.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.
Etter tre strake tap for Brann, venter Rosenborg på stadion på søndag i en avgjørende kamp i medaljestriden.