Hopp til innhold

Sluttstrek er sett

Avgjerda til statsadvokaten om leggje bort saka der ein pasient ved sentralsjukehuset i Førde køyrde utfor ei trapp i rullestol og døydde er endeleg. Ankefristen er no ute og avgjerda er ikkje klaga på. Dermed er det klart at saka ikkje vert gjenstand for behandling rettssystemet. Det var fylkesmannen som meinte at Helse Førde braut lova då ulukka skjedde. Fylkesmannen meinte at pasienten ikkje hadde fått forsvarleg helsehjelp.

Førde Sentralsjukehus 27.07.18
Foto: Bendik Reed Årvik / NRK