Hopp til innhold

Her er det slutt på bursdagskake i barnehagen

Fleire barnehagar lagar ikkje lenger kake til barna når dei har bursdag. No skal leik og moro erstatte blautkaka.

Barn i Jekteviken barnehage

SUNN BURSDAG: Barna i Jekteviken barnehage får ikkje lenger kake når det skal feirast bursdag. – Ein klar suksess, meiner styrar Øystein Bekken.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Me vil enkelt og greitt redusere sukkerinntaket til barna og satse på opplevingar i staden for bursdagskake, seier Øystein Bekken, styrar i Jekteviken studentbarnehage.

Der vil no bursdagsbarna bli tilbode ulike aktivitetar i staden for ekstra mat og kaker når dei fyller år.

– Det kan vere alt frå eventyr til leik og moro, seier Bekken.

  • Diskuter saka i diskusjonsfeltet nedst i artikkelen!

– Eit viktig initiativ

Den sunne linja er ledd i ein miljøsatsing i barnehagen. Ifølgje styraren har dei fått positive tilbakemeldingar frå foreldra også, sjølv om nokre kanskje var skeptiske heilt i starten.

Therese Knag smiler til kamera

– STRÅLANDE: Ernæringsfysiolog Therese Knag har stor sans for den sunne linja.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Det er først og fremst eit verdival. Vi tenker at bursdag handlar om noko anna enn berre maten. Det blir fort mykje fokus på mat, og gjerne på kake og is. Vi ønskjer at dagen skal handle mest mogleg om opplevinga og at borna får vere med å bestemme sjølve, seier Bakken.

Når me spør barna om kva dei tenkjer om å leike i staden for å ete kake, vil dei jo helst leike.

Øystein Bekken, styrar i Jekteviken barnehage.

Therese Knag er klinisk ernæringsfysiolog ved Haukeland universitetssjukehus. Ho er heilt for å kutte kakebursdagar i barnehagen.

Eg ville ha sett hale på grisen. Det er kjekt for då kan andre også få prøve det.

Julian

– Dette er strålande. Barn et for mykje feitt og sukker. Det er viktig at dei tek dette på alvor, seier Knag.

Vil heller leike

Då vi spurte borna i Jekteviken korleis dei ville feire dagen sin, fekk vi både sunne og usunne svar.

– Vi hadde disko og dansa då eg hadde bursdag, seier Torjus.

– Kva ville du vald mellom å danse og ete kake?

– Kake. Dansing er kjedeleg.

Julian seier dette på spørsmålet om kva han ville gjort:

– Eg ville ha sett hale på grisen. Det er kjekt for då kan andre også få prøve det.

Fruktspyd og smoothie

Fleire barnehagar NRK har vore i kontakt med har erstatta bursdagskaker med sunnare alternativ som fruktspyd og smoothie. Knag seier ho har merka ei klar endring.

– Eg har møtt mange foreldre som jobbar med å påverke barnehagar til å gi barna mindre søtt i barnehagen. Men det ser eg heldigvis sjeldnare no enn før, fortel Knag.

Også i kommunen møter sunne barnehagebursdagar jubel.

– Dette er ein veldig positiv utvikling. Det finst mange måtar å feire bursdag i barnehagen på, og det viktige er at barnet er i fokus og at dei får oppleve at dei blir sett på dagen sin, seier Marianne Boge, seksjonsleiar for barnehage i Bergen kommune.

– Suksess

Øystein Bekken

– SUKSESS: – Dette er ein klar suksess, seier styrar Øystein Bekken i Jekteviken barnehage.

Foto: Marita Skeie / NRK

Då NRK spurte barna kva dei helst ville ha i barnebursdagane, var det klar tale frå smårollingane: Kake.

Men Øystein Bekken, styrar i Jekteviken studentbarnehage seier responsen har vore god, også frå barna sjølve.

– Dette er ein klar suksess. Når me spør barna om kva dei tenkjer om å leike i staden for å ete kake, vil dei jo helst leike, fortel Bekken.

Han seier dei ikkje ønsker noko overdrive fokus verken på å ha for mykje eller for lite sukker og søtt i barnehagen.

– Vår tanke er at den gylne middelveg er ein fornuftig veg å gå.