NRK Meny
Normal

Ingen hadde tru på Kunstreisen - enda med 12 år og 503 program

Då Gunnar Danbolt og Nina Skurtveit starta opp Kunstreisen, var det ingen som trudde programmet ville bli ein suksess. No gir dei seg etter 12 år.

Gunnar Danbolt og Nina Skurtveit i Chorakirkens gravkapell.

KUNSTREISEN ER OVER: Her er Danbolt og Skurtveit i Chorakirkens gravkapell.

Foto: E. Skurtveit

Kunstreisen hadde i går si siste sending på NRK P2. Journalist Nina Skurtveit og professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen, Gunnar Danbolt, takka for seg med eit program om Sonia Delaunay, som no vert stilt ut på Tate Modern i London.

Kunstreisens Nina Skurtveit og Gunnar Danbolt.

NRK-journalist Nina Skurtveit og professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen, Gunnar Danbolt.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Det var ein ganske sprø idé å starte med Kunstreisen, at me skulle formidle biletekunst ved hjelp av ord åleine. Me hadde kanskje ikkje så stor tru på det i byrjinga, og kanskje ikkje ein gong NRK. Men me fekk prøve oss nokre program, og etter kvart blei det aksepter, seier Danbolt.

LES OGSÅ: 10-års jubileum for Kunstreisen

– Fleire måtte få oppleve Danbolt

Kunstreisen

KUNSTREISEN: Etter 12 år har det blitt 503 program av Kunstreisen på NRK P2.

Foto: NRK

Men om ingen hadde tru på programmet då det starta, endra det seg raskt.

Dei to programleiarane har no reist rundt i Europa og besøkt tallause utstillingar, for så å formidle det dei ser, samt historia rundt kunstverka til lyttarane.

– Tanken var at fleire enn nokre få skulle få oppleve herr Danbolt. Eg har sjølv studert kunsthistorie og hatt han som forelesar, og det er ei oppleving. Eg tykte ein burde kunne utvide det litt, seier Skurtveit.

Ville setje kunsten inn i ein større samanheng

Opptak i baroniets hage

BARONIET: Her er Nina Skurtveit og Gunnar Danbolt under opptak til Kunstreisen i baroniets hage.

Foto: Privat / NRK

For over 12 år sidan søkte journalist Nina Skurtveit om å få starte opp eit program, og fekk som svar at dei kunne få lov til å prøve seg.

– Å ha eit program om bilete på radio er jo litt absurd. Men me fekk veldig god hjelp frå mellom anna svensk radio til å starte opp, og sidan har det gått ganske bra, seier Danbolt.

– Me har skildra desse bileta og sett dei inn i større samanhengar for at ein ikkje berre skal få kunnskap om nokre bilete, men også litt idehistorie og så vidare. Det trur eg folk har sett pris på.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.