Hopp til innhold

Fransk turgåar (26) sikta for knivangrep i fjellhytte

Skal ha gått til angrep på vedlikehaldsarbeidarar utan grunn. Det enda med at han sjølv vart innlagd på Haukeland sjukehus med ribbeinsbrot.

Politiet måtte bli med luftambulansen til fjells fredag.

GJERNINGSMANNEN: Her har gjerningsmannen blitt frakta ned frå fjellet og får tilsyn av ambulansepersonell.

Ambulanse i Isdalen

RYKKA UT: Ambulanse rykka ut til Isdalen før ein bestemte seg for å sende luftambulanse i staden.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det var klokka 10.22 at politiet fekk melding om at fleire personar var i slåstkamp på Nordneshytten i byfjella i Bergen. Sidan det var brukt kniv, bestemte politiet for å væpna seg.

– For å kome raskt opp til staden så blir politiet med luftambulansen opp, fortalde operasjonsleiar Kjersti Eidsnes til NRK like før klokka 11.00.

Det var tre personar involvert i slagsmålet: To vedlikehaldsarbeidarar frå Litauen og ein fransk turgåar. Dei to arbeidarane slapp unna med lettare skader, medan turgåaren vart sendt til Haukeland.

– Han har gått til åtak på dei med både kniv og kubein, men vart til slutt lagt inn på Haukeland sjukehus med ribbeinsbrot, seier Eidsnes til NRK klokka 14.15

I skytteltrafikk med luftambulanse

Då politiet kom fram fekk dei raskt kontroll på gjerningsmannen.

– Det var to personar som gjorde arbeid på hytta, så har det kome ein tredje person til. Då har det oppstått eit slagsmål, fortel innsatsleiar Ronny Andre Øvrebotten i politiet.

Nordneshytten ligg på Vareggen i byfjella, nordaust for sentrum av Bergen. Det er idrettslaget Nordnes som eig hytta.

Saka held fram under biletet

Luftambulanse Bergen

LUFTAMBULANSE: Dei tre mennene vart frakta med luftambulanse kvar for seg ned frå fjellet. Dei har alle fått lettare skader.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Kniv og brekkjern

Ronny Andre Øvrebotten

Innsatsleiar Ronny Andre Øvrebotten.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Øvrebotten seier det har blitt brukt både kniv og brekkjern i slåstkampen. Etter at politiet hadde kontroll på situasjonen, vart dei involvert frakta i luftambulanse ned sentrum.

– Luftambulansen har gått i skytteltrafikk opp og ned frå fjellet. Dei tre har fått kuttskadar, men det er snakk om lettare skader. Kvifor det oppstod eit slagsmål, det veit vi førebels ikkje, fortel Øvrebotten.

Gjerningsmannen var den siste som vart frakta ned frå fjellet.

Etterforskar ulukka

Saka blir etterforska av Bergen nord politistasjon. Operasjonsleiar Kjersti Eidsnes seier at omstenda framleis er uklare.

– Men ut ifrå skadane til den eine litauiske arbeidaren, så har dei to arbeidarane forsvart seg.

nordneshytten