Hopp til innhold

Slo ned pleiar og rømte

Ein 18-åring som er sikta for drapsforsøk på ein 14 år gamal gut, rømte fredag frå lukka avdeling på Sandviken sykehus.

18-åring sikta for drapsforsøk.
Foto: Hordaland politidistrikt

Mannen slo ned ein av pleiarane på sjukehuset før han rømte i 17-tida fredag kveld.

Politiet karakteriserer 18-åringen som farleg, og leita etter han med alt tilgjengeleg mannskap fredag kveld.

2. mars i år skal han ha knivstukke ein 14 år gamal gut på Slåtthaug i Bergen heile ni gongar i brystet og ryggen.

- Ikkje ta kontakt med han

I ei pressemelding etterlyser Hordaland politidistrikt 18-åringen. Dei ber folk om å ikkje ta kontakt med mannen, men å ringa 112 dersom nokon observerer han.

Politiet er også interessert i opplysningar om kor mannen eventuelt kan opphalda seg.

Etter tips leita politiet i Åsane i 20.30-tida fredag kveld.

Sikta for fire valdtekter

- Me veit ikkje kva han er istand til, men me har grunn til å tru at han kan oppføra seg trugande. Om han har våpen med seg er også uvisst, fortel informasjonssjef Trygve Hillestad ved Hordaland politidistrikt.

I tillegg til å vera sikta for drapsforsøk, er 18-åringen også sikta for å ha valdteke ei jente fire gongar.