Inviterte til fest - banka gjestane med balltre

19-åringen inviterte til fest i foreldrene sitt hus. Så gjekk han til angrep på gjestane. – Fleire har forklart at dei frykta for livet, fortel politiadvokaten.

Ingvild Nave
Journalist

Politiet ber i dag om fem veker varetekt etter hendinga. Episoden fann stad rundt 03.00 natt til onsdag.

– Han skal ha vore svært påverka av alkohol, og hugsar lite frå hendinga, fortel politiadvokat, Line Skjengen.

Truga venene med kniv

Alle som var tilstades på festen skal ha vore vener og kjente av den sikta 19-åringen.

Mannen skal mellom anna ha slått gjestane med både balltre og ei tang. I tillegg skal han ha truga gjestane som forsøkte å forlate festen med ein kniv på i underkant av 40 centimeter.

– Vi veit ikkje kvifor han gjorde det. Vi har gjort avhøyr, men det ser ikkje ut til at det har vore nokre hendingar i forkant av episoden, som skal ha ført til dette, seier Skjengen.

Fekk kutt i hovdet

Mannen er sikta for tre tilfeller av lekamsfornærming.

– Ein av gjestane har han slått i ryggen med eit balltre. To andre har blitt slått i hovudet med ei tang, eller ein anna reiskap, fortel politiadvokaten.

Det at valden framstår som uprovosert er skjerpande omstender i saka. Eit av offera fekk eit to centimeter langt kutt, medan ein anna har fått overfladiske sår.

– 19-åringen skal også ha tatt eit hardt grep rundt halsen på ein mann, og slått han i hovudet med ei avbitartang, fortel Skjengen.

Vurderer å utvide siktelsen

I utgangspunktet ville lovbrota ført til ei større bot, men fordi 19-åringen fleire gongar tidlegare har vore valdeleg, og at valden framstår som uprovosert, kan han no risikere ubetinga fengsel eller samfunnsstraff.

Påtalemakta vurderer også å utvide siktinga.

– Fleire av gjestene har fortalt at han har trukke fram ein kniv og gått mot festdeltakarane med den. Difor vurderer vi å leggje til trugande åtferd eller truslar, fortel politiadvokaten.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.