Slik vil dei redda den 168 år gamle tradisjonen

Dei siste åra har interessa for kapproinga på nasjonaldagen i Bergen dala kraftig. Men i år har eit knippe ildsjeler lagt seg på årene for å halde tradisjonen i hevd.

17.mai blir det nok igjen kapproing i Vågen i Bergen. Ildsjeler har fått bygget to nye båter, og håper at det skal skape liv laga for den 168 år gamle tradisjonen i Bergen.

NYE BÅTAR TIL KAPPROING: Fredag vart to nye livbåtar døypte i Bergen, «Norge» og «Eidsvold». Slik blir det forsøkt å halda liv i ein 168 år gamal tradisjon.

Kapproinga i Bergen er ein av to tradisjonar som har vore med på 17. mai-komiteen sitt program heilt sidan starten i 1847.

Konkurransen vart raskt umåteleg populær, og mange lag deltok i den strevsame kapproinga som på den tida vart avvikla i Store Lungegårdsvann. Etter krigen flytta kapproinga til sjølve Vågen.

Men dei siste åra har populariteten dala, og det har vore vanskeleg å få gjennomført konkurransen. I fjor var det berre to lag med. Det heldt også på gå gale, då båtane byrja å ta inn vatn.

Arkivbilete frå 60-talet i Bergen, då ein kapprodde med båtar på Vågen i Bergen

TRADISJON I 168 ÅR: Kapproinga i Bergen har vore umåteleg populær heilt sidan 1800-talet, men dei siste åra har interessen for 17.mai-tradisjonen dala. Nyt desse bileta, som syner kapproing i Vågen på 1960-talet.

Bles liv i gamal tradisjon

Men etter 168 år som tradisjon, meinte nokre eldsjeler at det ville vera for dumt å risikera at kapproinga skulle forsvinna frå programmet.

På årets 17. mai-feiring i Bergen blir det tatt kraftige åretak for å blåsa liv igjen i den gamle konkurransen.

– Vi kan melde om ei auke i deltakinga på 400 % i forhold til fjoråret. Det blir både kvinne- og herrelag, fortel Carl A. Harbitz-Rasmussen til NRK.

Saman med fleire andre har han lagt seg på årene for å redda tradisjonen, etter at båtane i fjor ikkje eigna seg for konkurranse på vatn. Løysinga vart å bestille eigne båtar.

– Dei to nye båtane er bygd av Kristian Djupevåg i Tørvikbygd, og er bygd etter teikningane som Statsraad Lehmkuhl nytta då dei bygde nye livbåtar for åtte år sidan. Dei er lik dei opphavlege frå 1914.

Fredag vart dei to båtane døypte i ein høgtideleg seremoni, som du kan sjå i videoen øvst i saka.

Ror inn Vågen

Dermed er alt duka for litt av eit syn i Vågen på nasjonaldagen.

Båtane treng eit mannskap på 11 personar – ti roarar og ein rormann. Det vil bli rodd ein lengde frå Vågsbunnen ved Shetlands Larsens Brygge og til Dreggekaien.

Harbitz-Rasmussen forsikrar at tryggleiken er på topp, med to redningsskøyter frå Redningsselskapet strategisk plassert i Vågen. For å skapa blest om konkurransen, blir det innslag om kapproinga i ein ny prosesjon, samt at det blir seremoni ved Dreggekaien klokka 12.45.

Det blir også fyrt av saluttar frå Forsvaret, slik det opphavleg vart gjort då kapproinga gjekk føre seg i Store Lungegårdsvann. Så står det att det å sjå om deltakarane tek konkurransen like alvorleg som for over 160 år sidan.

– Førstepremien var på det meste heile fem spesidaler, noko som på 1870-talet samsvarte med fleire vekers løn for ein arbeidar. Det var blodig alvor, og mange fiskarar, bønder og sjøfolk konkurrerte saman med roklubbane, avsluttar Harbitz-Rasmussen.

Siste video

Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.