NRK Meny
Normal

Slik vil dei hindre overgrep på idrettsarenaen

Eit nytt pilotprosjekt på Søre Øyane i Os skal kurse vaksne i å spotte seksuelle overgrep mot barn på fritidsarenaen.

Prosjektgruppa Trygg i Søre Øyane

SKAL LÆRE OPP VAKSNE: Prosjektgruppa Trygg i Søre Øyane har som mål å skapa trygge vaksne i idretten. Frå venstre: Elin Langli, Gunnhild Hansen, Eirik André Hesthamar, Marie Bruarøy, Rebecca Lerch Dahl, Kjersti Ellingsen og Per Olav Sørås.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid

– Det er viktig at vi tar tak i vanskelege problemstillingar som overgrep, og difor er det utruleg fint at vi har fått til denne avtalen, seier leiar i idrettslaget Øyglimt, Eirik André Hesthamar.

Torsdag signerte idrettslaget ein avtale med Redd Barna om felles front mot mobbing, trakassering og seksuelle overgrep.

Konseptet «Trygg i Øyane» skal sørge for at idretten er ein trygg stad for dei minste. Med på prosjektet er òg Søre Øyane naturbarnehage og Søre Øyane skule.

Først ut

– Det går i prinsippet ut på å førebyggje overgrep på idrettsarenaen, og ruste trenarane til å bli kompetente til å avdekke overgrep, fortel Elin Langli i Redd Barna.

Dette er første gong på Vestlandet at Redd Barna samarbeider med ein idrettsklubb.

– Vi skal skulere tilsette i barnehagen, på skulen og i idrettssalen, og gjere dei i stand til å kunne oppdage eventuelle seksuelle overgrep. Det er litt tabubelagt, men vi trur heilt oppriktig at det er viktig at vi vaksne tar tak i slike tema, seier initiativtakar Hesthamar.

Idrettslaget Øyglimt

ØYGLIMT: Eirik André Hesthamar er leiar i idrettslaget Øyglimt, og svært oppteken av at barna skal vere trygge når dei deltek i fritidsaktivitetane.

Foto: PRIVAT

– Vi gir foreldre og trenarar ei verktøykasse. Her er mellom anna ein beredskapsplan som er tydeleg på kva ein gjer dersom ein er bekymra for eit barn. Så stiller vi som rådgivarar og heldt kurs der ein lærer å prate om problema, seier Langli i Redd Barna.

Førebels er konseptet eit pilotprosjekt. Håpet er at det på sikt vil ha så god effekt at òg andre kommunar i resten av landet har lyst til å gjere tilsvarande grep.

– Opptil fem prosent av borna i Noreg er på fritidsarenaer, og då er det viktig å få til eit godt samarbeid med klubbar slik at vi kan trygge barna, seier Langli.

Gode tilbakemeldingar

Hesthamar fortel at tanken er å ta dei gode rutinane som allereie er etablert i mange barnehagar og skular med seg over i idretten.

– Det er dei same ungane som kjem til oss på kvelden og i helgene, og det er viktig at vi har kompetanse til å ta godt vare på dei.

Tilbakemeldingane har så langt vore gode, og både Redd Barna og Øyglimt ser fram til fortsetjinga.

– Vi er stolte og gler oss veldig til å sjå resultata dei neste tre åra, seier Hesthamar.