Slik vert nye E39: – Vi lagar ein «tunnelspaghetti»

1400 naboar vert råka av sprengingsarbeidet. – Klart det er ubehageleg for folk når vi sprenger rett under husa deira, seier Vegvesenet.

Vegvesenet viser fram kor langt dei har kome på den nye hovudvegen mellom Os og Bergen

OMVISING: Natt til søndag førre veke filma Vegvesenet inne i Rå- og Søråstunnelane, for å vise naboar og andre nysgjerrige kor langt arbeidet er kome.

– Vi filleristar naboane med sprengingsarbeid om lag ti gongar om dagen. Det er veldig mange som vil kome inn og sjå kva vi faktisk driv med, men med tanke på sikkerheita kan dei ikkje det, seier prosjektleiar for E39 Svegatjørn – Rådal, Sverre Ottesen.

No viser Vegvesenet fram ein ny film som syner kor langt dei er kome i arbeidet med den nye hovudvegen mellom Os og Bergen.

– Slik kan naboar og andre interesserte sjå kva vi held på med, seier Ottesen.

Bli med inn i tunnelane i videoen øvst i saka.

Sprenger ti meter under husa

Den totale kostnadsramma for prosjektet er så langt på 6,5 milliardar kroner.

– I hovudsak er vi i rute både når det gjeld bygging og økonomi. Vi har drive anleggsarbeid i snart to år, og har tre-fire år igjen før vegen kan opnast, seier Ottosen.

– Med sprengingsarbeid ti meter under kjellaren til folk forstår vi at naboane lurar på kva som skjer. Det er ein «tunnelspaghetti» vi lagar.

Ottesen fortel at dei driv sprenging tett på andre vegar, samt like under Bybanen.

– Det er tunnelarmar i fleire retningar, og arbeidet er teknisk krevjande. Men vi har flinke entreprenørar, og slik det ser ut i dag er vi ferdig sprengd her i slutten av desember eller byrjinga av januar neste år.

Naboar klagar

Om lag 1400 bustadar er direkte råka av sprenginga. Desse ligg innanfor ei sone på 100 meter frå tunnelløpa, fortel nabokontakt i Statens vegvesen, Solveig Randi Sløveren.

– I tillegg er det mange utanfor denne sona som merkar det. Naboar klagar på risting og lyd av boring, men sett i samanheng med kor mange som er råka er det få som klager. Vi overvakar alle ristingane, men det er klart det er ubehageleg for folk når vi sprenger rett under husa deira.

E39 Svegatjørn–Rådal

NY HOVUDVEG: Slik vert den nye hovudvegen mellom Os og Bergen.

Foto: Statens vegvesen

– Vi informerer også naboar etter kvart som vi nærmar oss huset deira. Arbeidet er tidsregulert, og sprengingsarbeidet går føre seg mellom klokka 07 og 22. Vi er avhengige av dette tidsrommet for å ha framdrift, seier Sløveren.

– Vi vil og gjerne vise fram kor langt vi er kome. Naboane skal få kome inn og sjå tunnelane før vegen opnar, men dette er eit stykke fram i tid, seier Sverre Ottesen.