Hopp til innhold

Slik snakkar du med barna om overgrep

– Eg synest at alle foreldre burde ha snakka med barna sine om kor grensene går, seier ekspert på overgrep, Inge Nordhaug.

Inge Nordhaug

Rådgjevar i overgrepssaker ved Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest), meiner foreldre må tørra å snakka direkte med barna sine om overgrep.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Nyheita om at ein mann i dag er sikta for overgrep mot fem barn i to barnehagar i Bergen har kome som eit sjokk på tilsette og foreldre i barnehagane.

Mange slit no med tunge tankar og frykt for kva som kan ha hendt med deira eigne barn, og om korleis eg som mor eller far skal kunne snakke med dei små om dette.

– Alle foreldre bør ha samtaler med barna sine, men ikkje når ein er mest uroleg sjølv. I gode tider bør ein førebu barn på å kunne noko om dette, seier sosionom Inge Nordhaug.

Han har erfaring som rådgjevar i fleire overgrepssaker, og jobbar i Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).

– Vaksne skal ikkje ta barn på tissen

– Eg synest at alle foreldre burde ha snakka med barna sine om at tissen er privat, og at ingen andre enn dei ein har lyst til skal ta på den. Ein må fortelja dei at vaksne ikkje skal ta barn på tissen, og at barn ikkje skal ta på tissen til vaksne.

Barn vil gjerne bli meir tilbaketrekte om noko har skjedd me dei, fortel Nordhaug.

– Dei minste barna kan visa teikn på at dei blir meir sutrete, og det kan blir vanskeleg med mat og legging. Då kan ein spørja: «Du ser så lei deg ut, kva har hendt?»

– Må gå rett på sak

Han understrekar at det er viktig å gå rett på, men ikkje stilla leiande spørsmål.

– Om barn til dømes har kunnskap om seksualitet utover det dei burde ha for sin alder, så har dei fått kunnskapen frå ein plass. Då bør ein spørja barna kor dei har lært dette.

Spørsmålet om skuld er noko som ofte dukkar opp hjå barna, fortel Nordhaug.

– Dei føler ofte at dei vore med på det, og at dei sjølv har skuld i det som har skjedd.

– Då må ein fortelja at barn gjer det som vaksne seier til dei, og dette hadde ikkje den vaksne lov til å be om.

Skryt til Bergen kommune

Nordhaug meiner oppfølginga kommunen har gitt til barnehagane i Bergen verkar å vera svært god.

– Eg høyrer at dei som har barn får veldig god hjelp til å normalisera kvardagen og få svar på spørsmåla sine.

Han forstår at ei slik sak kan skapa stor uro hjå folk.

– Det er sjeldan at dette skjer, og når det skjer så slår det ned som eit sjokk, fordi det bryt litt med ideen vår om at det berre er monster som gjer slikt.