Hopp til innhold

Slik greier slangen å sluka ei svær rotte

Har du prøvd å eta ein heil melon i ein jafs? Det blir omtrent som når ein tynn, liten slange sluker ei svær, feit rotte.

Dyrevenn på NRK Super viser korleis ein liten slange kan sluka eit svær rotte.

VIDEO: Slangen har fått kjeften rundt hovudet til rotta. Men korleis er det mogleg at ein teppepyton greier å sluka heile den tjukke rottekroppen (Foto: Ole-André Lagmandokk/NRK).

Malin Hovland Hellebø

STOR JAFS: Programleiar Malin Hovland Hellebø viser omtrent kor stor jafs ho måtte tatt for å kunna måla seg med ein slange.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Det er utruleg å sjå når ei kjempestor rotte sakte, men sikkert forsvinn inn gjennom gapet på ein liten slange.

Korleis er dette mogleg? Det er tema for første del av ein ny spalte når programserien Dyrevenn har sesongstart på NRK Super onsdag kveld.

Tøyeleg kjeve

Programleiar Malin Hovland Hellebø tok turen til Akvariet i Bergen for å finna svar på spørsmålet.

Ein kvelarslange av typen teppepyton skal prøva å eta eit solid måltid framfor kamera.

Svaret er at kjeven til slangar er tøyeleg i alle retningar, i motsetning til menneskekjeven og kjeven til dei fleste andre dyr.

– Slangen har eit ekstra bein i kjeven som gjer at han kan gapa ekstra høgt, forklarer programleiaren.

Dessutan skrår tennene bakover, og den høgre og venstre sida av munnen kan jobba uavhengig av kvarandre.

– Slangen drar byttet vekselvis med høgre og venstre underkjeve. Dermed kan slangen dra dyret innover gjennom munnen, centimeter for centimeter, seier ho.

  • Sjå korleis dette skjer i videoen øvst i artikkelen
Slangeskjelett

TØYELEG: Kjeven til slangar er tøyeleg i alle retningar, i motsetning til menneskekjeven og kjeven til dei fleste andre dyr.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Godtepose for ungane

– Det er gøy å gå i gang med ny sesong av Dyrevenn, for tala viser at vi har treft ungane godt, seier prosjektleiar Dagmar Blaasvær i NRK.

Blaasvær opplyser at gjennomsnittleg marknadsdel i haust var 31,7 prosent og det var nest høgast marknadsdel av alle programma som går på NRK Super klokka 19, berre slått av Barnas Restaurant

Ho seier det framleis handlar om historier om barn og dyr.

– Vi prøver å laga ein godtepose for ungane denne halvtimen, seier ho.

I det første programmet av denne sesongen onsdag klokka 19 overraskar dei Pernille frå Åsane i Bergen.

– Ho hadde så lyst til å vera med på utstilling med hunden sin, men foreldra meinte det var for mykje styr. Men Malin er knallgod til å overtala foreldre, seier Blaasvær.