Hopp til innhold

Slik skal dei gjere Knarvik til by

Lindås kommune la i dag fram sine planar for korleis Knarvik skal utvikle seg dei neste 30–40 åra. Tettstaden skal bli eit urbant regionssenter i Nordhordland.

Knarvik

NYE KNARVIK SENTRUM: Slik ser Asplan Viak sin visjon for Knarvik sentrum ut. Uteområdet er ein allmenning som skal fungere som ein møtestad og som ein plass for ulike arrangement. Det store høgdehuset til høgre er tenkt nytta til mellom anna kulturformål.

Foto: Asplan Viak

– Me ønskjer at Knarvik skal bli ein framtidsretta by. Knarvik skal bli eit sentrum for handel, kultur og aktivitet, sa leiar for plan og miljøutvalet i Lindås kommune, Jan Erik Hope, på ein pressekonferanse i dag.

I to år har plangruppa jobba med planen som skal få tettstaden Knarvik til å vekse både i breidda og høgda.

18. juni kjem planen på høyring, og fram til kring 17. september har alle som har synspunkt på korleis Knarvik sentrum skal sjå ut, moglegheit til å komme med innspel.

– Målet er å trekke til seg innbyggjarar og næringsliv. Dei unge vil ha eit urbant miljø, medan dei eldre vil komme tettare på offentlege tenester.

Leiar i plan og miljøutvalet i Lindås kommune, Jan Erik Hope

Hope sa i dag at dei vil arrangere folkemøte frå midten av august. I tillegg vil dei leggje til rette for at folk skal kunne komme og stille spørsmål eller diskutere planane ein og ein.

Dersom grunneigarar godkjenner planen til hausten, er det klart for bygging. Planen viser korleis Knarvik sentrum skal utvikle seg dei neste 30–40 åra.

Vil bygge 2000 nye bustadar

Dei nye planane for Knarvik sentrum inneheld mellom anna planar for fleire bustadar, større og fleire uteområde, nye og fleire kontorplassar og handelshus. Planen greier også ut om vegforbindelsar til og frå Knarvik.

150 000 km² er sett av til å byggje nye bustadar. Nesten 2000 bustadar er ferdig planlagde og klare til å kunne byggast.

– Me kjem til å bygge i høgda. Bygga kjem til å verte høgare enn slik det er i Knarvik i dag, sa Erik Hope i dag.

Plangruppa har lagt vekt på å få varierte bustadar i sentrum, ulike størrelsar på leilegheitene og ulike utsjånad på bustadane.

På denne måten skal Knarvik trekke til seg folk i alle aldrar.

– Målet er å trekke til seg innbyggjarar og næringsliv. Dei unge vil ha eit urbant miljø, medan dei eldre vil komme tettare på offentlege tenester, sa Erik Hope i dag.

Parkering under bakken

Gode uteplassar og ein stor allmenning er ein stor del av planane som blei lagt fram i dag.

– Møteplassar skal me ha, sjølv etter at butikkane har stengt. Me ønsker ein allmenning der ein kan ha konsertar og utearrangement. Dette har vore viktig i utarbeidinga av planen.

Ifølgje planen skal parkeringa bort frå bakkenivå, og stort sett ligge under bakken. Biltrafikken er i stor grad lagt til ein firefelts E39 som går gjennom Knarvik sentrum. Plangruppa ønskjer å fjerne mykje av trafikken frå dei andre gatene i sentrum.

Planane legg opp til å styrke handelsstanden i Knarvik, med 1000 fleire kontorlokale, og rom for handelshus og butikkar.

Skysstasjonen i Knarvik skal flyttast ut av området som skal regulerast.

– Dette er eit av dei flottaste byromma me har vore med å planleggje, sa prosjektleiar Fredrik Barth i Asplan Viak.