Slik har ein tenkt å sikra Vøringsfossen

Dei fem siste åra har tre personar omkome etter å ha falle i Vøringsfossen i Eidfjord. – Ein kan unngå slike ulykker med dei nye planane, seier dagleg leiar Marit Stadheim frå Destinasjon Eidfjord.

Tale Hauso
Journalist
Marit Stadheim

HINDRE ULYKKER: – Ein kan unngå ulykker med dei nye planane, seier dagleg leiar Marit Stadheim frå Destinasjon Eidfjord.

Foto: Ingvild Nave / NRK

– Ein skal ha respekt for naturen og vere forsiktig. Det er spesielt viktig når ein er på ein plass som har så mange farlege stup som det ein har her, seier dagleg leiar Marit Stadheim frå Destinasjon Eidfjord.

Dei fem siste åra har tre personar omkome etter å ha falle i Vøringsfossen i Eidfjord kommune. Ei russisk kvinne i 50-åra omkom etter å ha falle i elva over Vøringsfossen på søndag. Ho blei drege fleire hundre meter nedover elva og vidare ned i fossen. I 2011 omkom ei 61 år gammal kvinne frå Austerrike då ho snubla og fall, og ein russisk mann omkom etter eit fall i 2009.

Arkitektteikningane øvst i saka viser skisser over planane ein har for Vøringsfossen. Å redusera risiko og uhell er ein svært viktig del av prosjektet, som er tenkt ferdig til turistsesongen 2016.

– Eg kjenner at eg ikkje har det godt når eg ser at folk delvis går over gjerda og dei få sperringane som er her, seier Stadheim.

Nye planar

Fareskilt ved Vøringsfossen

FARE: I dag har ein sett opp slike skilt om at ein må vera forsiktig ved Vøringsfossen i Eidfjord.

Foto: Ingvild Nave / NRK

I dag finst det gjerde nokre få områder ved utsiktspunkta ved Vøringsfossen, i tillegg til at det er sat opp skilt som ber ein om å vere forsiktig. No ønskjer ein å sikra området enno betre og i dei nye planane for Vøringsfoss-området er sikring lagt stort vekt på i utforminga av det nye anlegget.

Det er arkitekt Carl-Viggo Hølmebakk AS som har teikna forslaget til oppgraderinga av området, og ein spesielt ønskjer å redusera risiko og uhell.

Mellom Fossatromma og Fossli er det skissert eit gangsamband med ny bru over juvet. Dette blir ryggrada i prosjektet. Den nye stien mellom Fossatromma og Fossli og utsiktspunkta blir sikra med gjerde/rekkverk slik at risiko for uhell knytt til ferdsel i området blir redusert i høve til dagens situasjon.

Det er enno usikkert om alle dei skisserte utsiktspunkta vert bygd.

(Artikkelen held fram under videoen)

Planer for Vøringsfossen
Nasjonale turistvegar og statensvegvesen 
Eidfjord kommune

VIDEO: Sjå modellen av dei planlagde sikringane av Vøringsfossen. Foto/redigering: Christine Kongsvik.

Leiaren i Destinasjon Eidfjord meiner at ein kan unngå dei tragiske ulykkene når planane er klare.

– Vi gler oss veldig til detta blir ferdig. Ikkje berre blir det ein kjempestor attraksjon, endå større enn den er i dag, men det vil vekka interesse både nasjonalt og internasjonalt. Ikkje minst vil det også bli mykje tryggare å ferdast her, forklarer Stadheim.

– Kvifor har ein ikkje gjort meir for å sikra området tidlegare?

– Når ein set opp sikringar, så får dei som har sett dei opp ansvaret for at sikringsarbeidet er godt nok gjort. Det er eit stort ansvar å ha og her har det ikkje blitt avklart kven som skal ha detta ansvaret, seier Stadheim.

150 millionar kroner

Skisse Vøringsfossen

BETRE SIKRA: Å redusera risiko og uhell er ein svært viktig del av prosjektet.

Foto: Carl-Viggo Hølmebakk AS

Kommunestyret i Eidfjord gjekk i april i år inn for reguleringsplanane for området Fossatromma – Vøringsfossen–Fossli. Ordføraren i Eidfjord kommune, Anved Johan Tveit, er nøgd med planane for Vøringsfossen.

– Vi er veldig nøgd med planane og det ser veldig bra ut. Detta har kommunestyret vore samrøysta for. I dag ber området preg av slitasje og ein treng betre tryggleik, seier Tveit.

Totalt kostar den nye attraksjonen 150 millionar kroner. Etter planen blir anleggsstart til hausten, medan ein forvente at det skal vera ferdig til turistsesongen 2016.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.