Hopp til innhold

Slik skal dei plukke legar til Hardanger

ODDA (NRK): Distriktskommunen tyr til utradisjonelle metodar for å lokke nyutdanna legar tilbake til heimkommunen. – Det fristar, vedgår Karianne Vethe Karlsen.

Medisinstudent Karianne Vethe Karlsen i Odda

BLIR LOKKA HEIMOVER: Legestudent Karianne Vethe Karlsen vart i juleferien invitert til tapas-middag med kommunen. Ho er open for å sette kursen heimover når ho er ferdig med studiane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Medisinstudentar som var heime på juleferie i Odda fekk i år ein litt spesiell invitasjon frå kommunen. Som ledd i eit forsøk på å lokka fleire unge legar heim, vart eit knippe kommande legar bedne ut på tapas-middag.

I Odda slit dei med å rekruttera nye legar, og tyr til utradisjonelle metodar for å skaffe helsepersonell.

Vil lokke studentane heim igjen

Dagen før nyttårsaftan møtte eit titals lokale oddingar opp for å diskutere moglegheitene for jobb med kommunelegen og helsesjefen.

Dei som møtte opp går anten på medisinstudiet eller er nett ferdige med utdanningane si, og det er nettopp desse kommunen håpar er løysinga på rekrutteringsproblema.

– Vi er ikkje akkurat verdas navle, og mange legar søkjer seg nok til større fagmiljø på større stader. Men vi ser på dette som ein eineståande sjanse til å presentere våre tankar om utviklinga av helsetenestene framover, seier kommunelege Steinar Jacobsen.

Han er også svært interessert i å høyre kva som skal til for å lokka dei ferske legane tilbake til gamle trakter. Rekrutteringsproblema har ført til press på fastlegeordninga, og kommunen er i dag ofte avhengige av vikarar som er inne i korte periodar.

– Noko av nøkkelen til å rekruttera stabile folk er å få tak i dei som er her ifrå, meiner Jacobsen.

Odda kommune spanderer tapas på lokale medisinsstudentar.

JULEBORD: Kommunen inviterte oddingar som studerer medisin til uformelt møte om arbeid på heimtraktene.

Foto: Tale Hauso / NRK

Er open for retur

Medisinstudentane Eivind Nondal og Karianne Vethe Karlsen var glade for å bli invitert på julemiddag med kommunen, og tykte det var interessant å få dele sine tankar om kva som skal få dei heim att.

– Veldig kjekt å få litt innblikk i kva eg kan vente meg. For meg er det viktig med gode arbeidsforhold og at ein har nokon å snakka og diskutera med. At eg kan spesialisera meg medan eg jobbar her, det verkar bra, seier Nondal som starta på sitt fjerde år med legestudiar i Bergen.

– Eg visste veldig lite, så det flott å få opplysningar som gjer det lettare å ta eit val om nokre år. Det er meir og meir freistande å venda nase heimover, smiler Karlsen.

Satsar på juletradisjon

Etter tapas-middagen har kommunen fått fleire tips på blokka frå kommande legar. Kommunelege Steinar Jacobsen er nøgd med møtet og håpar det kan bli ein årleg tradisjon.

– Det har vi allereie ein plan om. Klarar vi å rekruttera ein person annakvart år frå dette tiltaket, så er det full suksess det, avsluttar Jacobsen.

Odda sjukehus Helse Fonna

Målet til kommunen er få fleire til å søkja seg til legestillingar på gamle trakter. Her frå Odda sjukehus.

Foto: Tale Hauso / NRK