Hopp til innhold

Willy pendlar tre timar dagen for å få fast legeløn

MASFJORDEN (NRK): Pilotprosjektet som skal gi unge legar fast jobb, er så vellukka at helseministeren vil rulla ut ordninga i heile landet. – Dette er alt eg ønskte meg, seier lege Willy Davidsen.

Willy Davidsen, fastlege i Masfjorden

FASTLEGE: Willy Davidsen er ein av fjorten unge legar som har fått ein utdanningsstilling som fastlege gjennom nytt pilotprosjekt.

Foto: Elise Angell / NRk

Distrikta slit med å lokka til seg unge legar som slår seg ned og blir verande. Mellom anna er konkurransen frå dei sentrale sjukehusa er stor.

I ei undersøking frå 2015 kjem det fram at halvparten av landets kommunar hadde alvorlege problem med å rekruttera fastlegar. 59 mindre kommunar stod heilt utan fastlege eller legevaktlege.

Gjennom pilotprosjektet ALIS Vest («allmennlege i spesialisering», journ.merk.) er målet å snu utviklinga. Totalt ti kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane får pengar frå Helsedirektoratet for å rekruttera nye fastlegar. Faste opplæringsstillingar gjer at legane får praktisera faget samstundes som dei spesialiserer seg.

Rolf Martin Tande, kommuneoverlege Masfjorden

FASTLØN ER NØKKELEN: Kommuneoverlege Rolf Martin Tande i Masfjorden meiner fastløn er nøkkelen for å rekruttera unge legar til primærhelsetenesta.

Foto: Elise Angell / NRK

Bergensaren Willy Davidsen er ein av fjorten unge legar som har fått ein utdanningsstilling gjennom prosjektet. Legane blir tilsette med fastløn, og slepp dermed betala for eigen fastlegeheimel.

– Det har vore ledige fastlegeheimlar i mitt nærområde, men då er det snakk om den private løysinga: Du må kjøpa deg inn og betala spesialistutdanninga i tillegg. Så har du også risikoen ved å kjøpa seg inn. Då er det verdt å pendla tre timar for dagen, seier Davidsen, som er busett i Arna.

– Kronisk sjuke har risikert å møta på stadig nye legar

Kommuneoverlege i Masfjorden og pådrivar for prosjektet, Rolf Martin Tande, fortel at mange kommunar har vore nøydd til å hyra inn dyre vikarar for å fylla hol i vaktplanen.

– Det har vore vanskeleg, også for å skapa den stabiliteten kommunane skulle ønska. Spesielt utfordrande har det vore for kronisk sjuke, som risikerer å måtta forholda seg til ulik lege ved annankvar konsultasjon, seier Tande, som meiner faste stillingar er nøkkelen til å rekruttera den komande generasjonen legar til primærhelsetenesta.

– Eg ønskte tryggleik og fast løn. Her får eg full oppfølging heile vegen og får spesialistutdanninga som eit ferdig program, der alt av kurs er lagt inn i pakken. Det freista meg veldig.

Bent Høie

POSITIV: Helseminister Bent Høie (H) opnar for å rulla ut pilotprosjektet på Vestlandet over heile landet.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Vil ha nasjonal ordning

No tar fleire politikarar til orde for at prosjektet skal bli landsdekkande. Blant dei som er positive, er helseminister Bent Høie (H).

– Her tilbyr ein eit utdanningsløp for å bli spesialist i ein fastløna stilling. Mange vil etablera seg og få barn etter ei lang utdanning og den moglegheita og tryggleiken får ein her, i tillegg til systematisk oppfølging og rettleiing. Det ser me at det er mange som ynskjer, seier Høie til NRK.

I sitt alternative budsjett løyva KrF 40 millionar kroner for å gjere løysinga nasjonal. Det same vil Arbeidarpartiet, som i VG denne veka tok til orde for eit millardløft til fastlegetenesta. Partiet meiner det trengst ein full gjennomgang av fastlegeordninga.