Hopp til innhold

«Dødsvegen» E16 kan bli rusta opp for 50 milliardar

I dag legg Vegvesenet og Jernbaneverket fram fem ulike konsept for ny veg og bane mellom Voss og Arna. Prislappen på det dyraste alternativet er på svimlande 51 milliardar kroner.

Ras ved Stanghelle E16

RAS PÅ E16: Ras mellom Stanghelle og Vaksdal i år.

Foto: Karl Martin Valestrand

Det er enorme prisforskjellar på dei ulike alternativa. Kostnaden for å betre dagens løysing er 2,8 milliardar kroner, medan den dyraste løysinga på 51,7 milliardar med store endringar og storstilt utbygging for bane og veg.

E16 er hovudvegen frå aust mot Bergen, og strekninga mellom Voss og Bergen er svært utsett for ulukker. Også dagens jernbanetrasé for Bergensbanen slit med dårleg regularitet.

Prosjektgruppa har gått vekk ifrå alternativa nærmare Hardangerfjorden, og gått vidare med fem alternativ i ei tilnærma rett linje mellom Vaksdal og Voss. Prosjektgruppa er tydelege på at konsepta gjeld fram til 2050. Det vil seie at ein må rekna med stegvis utbygging.

Mange utfordringar

Strekinga Arna-Voss har i dag mange utfordringar. E16 er utbygd over lang tid, men ei stor del av strekninga har låg standard, og ulukkesituasjonen er ikkje god, i følgje Statens vegvesen.

Målet er å vera ferdig med utgreiingane innan neste NTP-behandling, i dag er det fem alternativ til korleis den strekninga vil sjå ut.

Eit gigantisk prosjekt

kvu

UTGREIAR: Lars Rugtvedt i Jernbaneverket fortel om enorme prosjektplanar.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

Lars Rugtvedt, utgreiar i Jernbaneverket seier at prosjektplanane er enorme.

– Det er mange kilometer med veg, og mange kilometer med jernbane, difor er det naudsynt med desse alternativa med planar for dei forskjellige etappane på strekninga, fortel Rugtvedt.

Og det er mange ulke alternativ som skal vurderast før den endelega avgjerda vert tatt.


Alternativ 1

Alternativ 1

K1: Det billigaste alternativet som liknar mest på dagens trasé (trykk for større bilete)

Foto: Statens vegvesen

Det billigaste alternativet er det som liknar mest på strekninga slik den er i dag. Denne løysinga har ein prislapp på 2,8 milliardar kroner, og er det billigaste alternativet. Her er løysing litt opprusting av vegane, i tillegg til rassikring og fartsreduksjon.

Alternativet vil føre til ei reisetid mellom Arna og Voss på 63 minuttar for tog, og 65 minutt for bilar.

Alternativ 2

alternativ2

K2: Bana vert ikkje raskare enn i dag, men få ein auka kapasitet (trykk for større bilete)

Foto: Statens vegvesen

I alternativ to er løysinga mykje veg og lite bane. Etter planen skal 18 milliardar kroner delast mellom 16 milliarad kroner til veg, og to milliardar kroner til jernbana.

Her vert ikkje bana noko raskare enn den er i dag, men for bilar vil køyretida vere på 40 minutt. Bana vil få noko større godskapasitet.

Alternativ 3

Alternativ 3

K3: Eit tryggare alternativ med med midfelt for å hindre ulukker (trykk for større bilete)

Foto: Statens vegvesen

I denne løysinga er det mykje jernbane og lite veg. Jernbana skal ha dobbeltspor heile vegen, med stopp på Vaksdal, Stanghelle og Vaksdal.

Det er lite som skal endrast på sjølve vegen om det blir alternativ tre. Uansett vil ein for 38 milliardar kroner få ein togtur frå Arna til Voss på berre 32 minutt.

Vegen vil bli breiare, men skal også gjerast tryggare med eit eige midtfelt for å hindre ulukker.

Alternativ 4

alternativ4

K4: Alternativet gjer halvert reisetid (trykk for større bilete)

Foto: Statens vegvesen

Prisen for alternativ fire vil kome på 41, 3 milliardar kroner. 33 milliardar kroner vil bli brukt på bane, og resten på veg.

Her vil løysinga vera at jernbana vil få dobbeltspor og bli korta inn mykje.

Reisetida mellom Voss og Arna bli halvert.

Alternativ 5

alternativ 5

K5: Reisetid mellom Arna og Voss tek 39 minutt med alternativ fem (trykk for større bilete)

Foto: Statens vegvesen

Det dyraste løysinga kostar heile 51,7 milliardar kroner.

Her vil det meste av trafikken gå i tunnel, medan bilar og tog vil gå parallelt.

Med den løysinga vil det bli full to- og firefeltsveg med ein lang tunnel mellom Dale og Bulken. Jernbana vil gå omtrent om alternativ tre, men her vert det ikkje stopp på Evanger,

I denne løysinga vil reisetida for bilar vere på 44 minuttar mellom Arna og Voss, medan turen tek 32 minutt om du tek toget.

Sjå på kart og rapportar for planane på Statens vegvesen sine sider her