Hopp til innhold

Slik har turistane forelska seg i Odda

Fleire fargerike hus i Odda sentrum har skapt interesse blant turistar, og blitt eit populært fotomotiv.

Fargerike hus i Odda

FARGERIKT: Desse husa er blant dei som gjer Odda til eit ettertrakta fotomotiv blant turistane.

Foto: Tale Hauso / NRK

På foto-delingstenesta Instagram er det blitt populært å dele bilete av byggjefeltet Kalvanes, som ligg på vestsida av Odda sentrum. Her lyser ei rekke fargerike hus opp.

– Turistane tar gjerne eitt bilete av Trolltunga og eitt av Kalvanes. Det er nok fordi det er mange forskjellige fargar på husa der oppe, og det er relativt like hus som står tett. Det er ganske særeige, seier plansjef i Odda kommune, Kristian Jensen.

Fargehandlar Ingvald Torkelsen fortel at det har vore turistar innom som verkeleg har latt seg inspirere av dei fargerike husa.

– Vi hadde blant anna nokre som kjøpte med seg 30 liter rørosraud farge og tok med seg i bilen til Tyskland. Det er jo litt koseleg, seier Torkelsen.

Ingvald Torkelsen

INSPIRERANDE: Fargehandlar Ingvald Torkelsen har fått besøk av fleire turistar som har kjøpt med seg måling i spreke fargar, etter å ha besøkt Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK

Grøn, oker og raud

Bakgrunnen for dei spreke fargevala har med Smelteverket å gjere. Medan andre byar og tettstadar fritt kunne mala husa kvite tidleg på 1900-talet, gjorde fabrikkstøvet i Odda at val av farge fekk ein konsekvens.

– Fabrikken produserte mykje støv som dalte ned i Odda. Dei kvite husa blei vanskelege å vaske, og dermed begynte alle å mala husa sine med varmare fargar, fortel Jensen.

Fargane grøn, oker og raud vart typisk for Odda. Men då smelteverket stengde dørene i 2003 og støvet frå fabrikken la seg, byrja kvitfargen å ta over i bybildet.

Fryktar for fargane

I førre veke fortalde NRK at åtte av ti bustadar i fjor vart malt i kvitt og grått. No fryktar fleire at òg fargane som gir husa i Odda sentrum særpreg vil forsvinna. Torkelsen, som har vore fargehandlar i Odda i 45 år, har tydeleg merka ei endring.

– Det er ein del som har malt husa sine kvite dei siste 15 åra. Då fabrikken la ned nytta det ikkje lenger å foreslå rørosraud eller liknande, det var håplaust.

I dag er det kvit og grå måling som oftast blir kjøpt av kundane hjå Fargerike Torkelsen. Fargehandlar Sigmund Sævareid prøver likevel ofte påverka kundane litt.

– Ungdommar som overtek gamle hus er ikkje fullt så opptekne av å bevare Odda-fargane, men det er mange eldre som framleis prøver å ta vare på dei, seier Sævareid.

– Ein del av Odda sin identitet

Gjennom ein kulturminneplan ønskjer Odda kommune no å gje innbyggjarane råd om val av fargar for å unngå kvitmalte hus.

– Vi er opptekne av at identiteten Odda har blir vidareført, det er ein stor verdi. Vi kjem nok ikkje til å setje veldig stenge krav til bustadeigarane at dei skal male husa sine i bestemte fargar, men vi ønskjer å informere så godt vi kan om den tradisjonelle fargebruken, seier Jensen.

Plansjef i Odda kommune, Kristian Jensen

VIKTIGE FARGAR: Plansjef i Odda kommune, Kristian Jensen, seier dei tradisjonelle fargane er ein viktig del av Odda sin identitet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han har trua på at fargane vil finnast i byen òg i framtida.

– Når vi får turistar hit som ser verdien i det og legg ut bilete på Instagram, då har det kanskje ein verdi for Odda òg.