Slik har milliardhavariet endra norsk skipsfart

Det skjebnesvangre møtet mellom fregatten og oljetankaren i november i fjor har alt påverka norsk sjøfart på fleire område.

KNM «Helge Ingstad» ved Ågotnes

SPOR: Ulukka i Hjeltefjorden 8. november i fjor har sett spor i norsk skipsfart.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ei rekke faktorar påverka utfallet då KNM «Helge Ingstad» kolliderte med «Sola TS» og havarerte 8. november i fjor.

Sjøforsvaret har uttrykt at ulukka i Hjeltefjorden vil endra marinen, og har varsla ein ny ekstern gjennomgang etter ein periode.

– For å kompensera for at vi menneske ikkje kan hugsa alt, og at vi gjer feilvurderingar, er det viktig at organisasjonar etablerer barrierar for å fanga opp desse. Det var ikkje tilstrekkelege barrierar ulukkesnatta, sa seniorrådgjevar Ingrid Ytrehus i Havarikommisjonen då dei la fram rapporten fredag.

Her kolliderer Sola TS og Helge Ingstad

KOLLISJONEN: Fredag offentleggjorde Havarikommisjonen ein overvakingsvideo frå eit kamera «Sola TS». Den viste augneblinken då skipa kolliderte.

Foto: Sola TS/Statens havarikommisjon

Sjøforsvaret skjerpar inn

Statens havarikommisjon for transport (SHT) peika spesielt på at manglande erfaring medverka til ulukka. Dei gav ut 15 tryggingsråd til aktørane som var involverte i hendinga. Dei aller fleste gjekk til Sjøforsvaret.

Mange av tilrådingane har Forsvaret allereie innarbeidd, fortalde Sjøforsvaret etter Havarikommisjonen sin rapport.

  • Forsvaret har innført krav om ekstra erfaring for dei som står for opplæring.
  • Dei har stramma inn praksisen for bruk av antikollisjonssystemet AIS (automatisk identifikasjonssystem).

I tillegg vil dei gjera følgjande tiltak:

  • Styrkja klareringsprosessen for vaktsjefar på fregatt.
  • Etablera to nye kurs for vaktsjefar og vaktsjef-assistent.
  • Tenesteplanar blir endra slik at fleiroperative offiserar skal ha lengre tid som navigatør før dei blir krigføringsoffiserar.
  • Styrkja samhandlingstrening av bruteam, kor dei meir regelmessig vil bruka navigasjonssimulator.
  • Oppdatera styrande dokumentasjon og prosedyrar.
Helge Ingstad og Sola TS på kollisjonskurs

STURETERMINALEN: Ulukka skjedde rett etter at tankskipet «Sola TS» gjekk ut frå oljeterminalen Sture i Hjeltefjorden.

Grafikk: Joakim Digernes-Nordström / NRK

Teknologiavhengig sjøfart

Havarikommisjonen peika på at ein med dagens teknologiske hjelpemiddel til sjøs kan risikera å stole for mykje på radar, AIS og andre system ein har om bord.

– Etter at elektroniske kart og AIS blei tatt i bruk, seglar fartøy generelt annleis enn tidlegare. No tar fartøy kortaste veg ut av fjorden, i motsetnad til tidlegare, då fartøy segla i sektorar og til styrbord i leia, sa Kristian Haugnes, seksjonsleiar sjø i SHT, på pressekonferansen.

– Den praktiske navigeringa og forholdet mellom aktørane blir påverka av dette, som igjen kan ha medført ei oppfatning av eit redusert behov for at trafikksentralen informerer fartøy i området.

KNM «Helge Ingstad» segla utan AIS før ulukka, og var derfor ikkje synleg for verken sjøtrafikksentral eller andre skip.

Sola TS under rekonstruksjonen

REKONSTRUKSJON: «Sola TS» fotografert under rekonstruksjonen Havarikommisjonen gjorde. Eit søsterfartøy spelte KNM «Helge Ingstad» i rekonstruksjonen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kunne brukt krigsskipsignal

Havarikommisjonen vil ikkje kritisere Sjøforsvaret for å gå utan AIS. Dei stadfestar at eit militært fartøy kan ha gode grunnar til å segla utan å gje teikn frå seg til omverda. Men kommisjonen etterlyser at Sjøforsvaret gjer kompenserande tiltak når AIS ikkje sender ut signal.

– Etter 2014 har fartøya til marinen som hovudregel ikkje sendt ut eigen AIS. Dette skuldast ein stadig meir krevjande sikkerheitspolitisk situasjon. Sjøforsvaret har ikkje hatt kompenserande tiltak for denne praksisen. Dei endrar operative krav utan å ta stilling til tryggingsaspektet, seier Haugnes.

Eit av desse kompenserande tiltaka er AIS for krigsskip, eller warship AIS (W-AIS). Eit slikt signal vil vera kryptert og berre gje signal til sjøtrafikksentralen. Signalet kunne ha sørga for at sjøtrafikksentralen umiddelbart kunne svare «Sola TS» då losen spurde kva for skip som kom mot tankskipet.

Saman med Kystverket har Sjøforsvaret allereie starta arbeidet med å laga nye rutinar for seglas med krigsskip i tenesteområda til sjøtrafikksentralane.

Kystverket sjølv har skjerpa opplæringa av trafikkleiarar og held på å endra kva dei meiner er akseptabel avstand mellom passerande fartøy.

Helge Ingstad ved Ågotnes, fotografert 21.10.19

VRAK: Skroget av fregatten ligg ved Ågotnes på Sotra. Skipet skal bli destruert.

Foto: Sindre Skrede / Alrik Velsvik / NRK

Skal testa automatisk plotting

Havarikommisjonen peikar på at sjøtrafikksentralen på Fedje ikkje plotta inn KNM «Helge Ingstad» på radaren då fregatten varsla at ho segla inn i området Fedje skal ha oversikt over.

Då fregatten og «Sola TS» var på kollisjonskurs kunne tankskipet sjå fregatten på radaren, men berre som ein prikk. Dei fekk ikkje informasjon om kva for ein båt det var.

I tillegg hadde trafikkleiaren på Fedje VTS gløymd fregatten.

For å bøta på dette har Kystverket etter ulukka testa ein funksjon for automatisk plotting. Denne funksjonen har dei allereie hatt, men sjøtrafikksentralen har tidlegare konkludert at den ikkje var tilpassa operativ bruk.

Med ein slik funksjonalitet i bruk, kunne trafikkleiaren på Fedje blitt minna på at KNM «Helge Ingstad» var på veg nedover Hjeltefjorden.

I tillegg vil Kystverket gjera følgjande tiltak:

  • Greia ut om kommunikasjon mellom losen og sjøtrafikksentralen skal skje på engelsk.
  • Utarbeida retningslinjer for bruk av markørord og kommunikasjonsmetode.
  • Vurdera spesifikke kriterium for informasjon ved seglas med tankskip
Sola TS som kolliderte med fregatten KNM Helge Ingstad

TANKSKIP: «Sola TS» er ein maltesisk-registrert oljetankar som frakta olje for Equinor då det smalt.

Foto: Lasse Wallace / NRK

Problematiserte dekkslys

Sjøfartsdirektoratet fekk også eit tryggleiksråd frå Havarikommisjonen. Dei blei bedt om å fortelja næringa at bruk av dekkslys kan blenda lysa frå lanternene.

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet seier at dei no vil starta arbeidet med å følge opp rådet.

– Vi vil ha eit oppfølgingsmøte og gå gjennom tilrådinga. Så vil vi leggja ein plan for å følgja dette opp. Rådet medfører kanskje ikkje endringar, men det handlar meir om å gjera næringa merksam om problemstillinga, seier Aarhus.

NRK har ikkje fått svar frå tankskipsreiarlaget Tsakos Columbia Shipmanagement. Selskapet er råda til å gjennomgå praksis for samarbeidet mellom los og bru, og etablera tryggingstiltak for bruk av dekkslys.

Video fra Havarikommisjonen

Havarikommisjonen har produsert ein åtte minutt lang video om hendinga.